Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) kjem frå Garmo i Lom, busett i Vågå. Han spelar fele og bratsj i fleire ulike grupper og ensemble. Bjørn Kåre komponerer og arrangerer mykje musikk sjølv.

Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Bjørn Kåre er hovudartist eller medverker i følgande produksjonar i Melovitten:

Bjørn Kåre Odde: Folk Chamber II
200,00 kr

KJØP PLATA FØR LANSERING!

Folk Chamber II er oppfølgaren til Bjørn Kåre Odde sitt fyrste album Folk Chamber frå 2021. Denne plata byr på kammerfolkemusikk for strykesekstett.

Ved å kjøpe plata får du lese meir om kvar låt og prosessen bak prosjektet, samt at om du leitar godt får du høyre meir musikk enn det som kjem ut digitalt.

Bjørn Kåre Odde: Folk Chamber
200,00 kr

Albumet har fått tittelen «Folk Chamber», eller «Kammerfolk» på norsk om du vil, og er Bjørn Kåre Oddes debutalbum. Folk Chamber er alt anna enn eit soloalbum slik ein kjenner det i folkemusikksjangeren. All musikken på plata er i samspel mellom fleire utøvarar, frå trio til sekstett, og alle spelar strykeinstrument.

Bjørn Kåre beskriv albumet som eit resultat av ein årelang tankeprosess med eit sterkt ynskje om å gjeva ut noko musikalsk han kan stå fullt og heilt for sjølv. Heile albumet består av Oddes eigne komposisjonar arrangert for ein eller annan strykebesetning. Dette er kammermusikk med utøvarar frå både klassisk og folkemusikk, noko som gjev ein heilt eigen karakter.

Plata vann Folkelarmpris i kategorien “Åpen klasse” i 2022.

Forrige
Forrige

Atterljomen

Neste
Neste

Bjøynn og bjøynnongein