Lilleslåtter 2
Foto/grafisk: Stine Østby
I 2022 lanserte dei si fyrste duoplate, Lilleslåtter, no er dei snart klare med plate to!
Duoen Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde har spesialisert seg på folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Springleikar, salmetonar, runddans og hallingar for gitarer og fele/bratsj. Dei har tidlegare gjeve ut plata “Lilleslåtter”, og 4. april 2025 kjem deira andre plate.
Dei to veletablerte folkemusikarane fylgjer opp utgjevinga Lilleslåtter frå 2022. Duoen har jobba i fleire år med å raffinere og utvikle samspelet mellom fele og gitar. Og ikkje minst har dei saumfara utvalde notekjelder for å finne slåttar som passar inn i konseptet: korte, men innhaldsrike melodiar.
Heile 19 slike slåttar blir presentert på Lilleslåtter 2 som lanserast 4. april.
- Det er vanleg å tenkje at fela og gitaren har to ulike roller i eit samspel, men hjå oss er begge instrumenta i større grad likeverdige. Begge får rom til å setje sitt preg på slåttane, seier Bjørn Kåre Odde som også roser samarbeidet med Espen. – Hans måte å tolke rytme og melodi på vil berike tradisjonsmusikken her i Ottadalen og nedover dalen, slår han fast.Bjørn Kåre har sjølv vakse opp rundt spelemannsmiljøet i Lom.
- Arrangementa er meint for å framheve det unike i dei ulike slåttane, både melodisk og harmonisk. Det har vore fokus på å sjå det store i det små utan at det blir pretensiøst og overarrangert, fortel Espen Wensaas som er initiativtakar for prosjektet. Namnet Lilleslåtter refererer også til familienamnet hans med opphav i Hallingdal.
Utvalet av slåttane er stort sett forankra i Lom og Vågå, men fleire er også kjent i blant anna Fronsbygdene. Andre igjen ser ein spor av i Østerdalen, Røros eller på nordvestlandet.
Men det er ikkje berre musikken som er forankra i Gudbrandsdalen. Heile produksjonen, frå innspeling til ferdig utgjeving, er gjort i regionen.
- Vi spelte inn plata i Sødorp kyrkje – eit utruleg fint rom med god akustikk. Vegard Moshagen frå Vinstra har gjort opptak og miksing, og vi gjev ut albumet på plateselskapet i Vågå, Melovitten, fortel duoen.
Fredag 15. november fekk vi ein smakebit på den komande plata med singelen “Stevslått”. Singelen kan du høyre her. Stevslått er ein vakker springleik som Knut Kjøk (1948-2016) har forma med utgangspunkt i eit stev.
Metadata
Artist: Bjørn Kåre Odde (f. 1990) & Espen Wensaas (f. 1986)
Albumtittel: Lilleslåtter 2
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognummer: MV625
Produsent: Bjørn Kåre Odde & Espen Wensaas
Innspeling og miksing: Vegard Moshagen
Mastering: Christian Obermayer
Innspelt: Sødorp kirke, Vinstra, juni og september 2024
Foto: Stine Østby
Grafisk formgjeving: Stine Østby
Lansering album: 4. april 2025
Lansering singel: 15. november 2024
Singlar
15. november 2024: “Stevslått”