Melovitten

Melovitten er eit aksjeselskap som gir ut musikkproduksjonar hovudsakleg innan folkemusikksjangeren. 
Selskapet leverer også tenester​ som utøvande kulturelle og pedagogiske oppdrag innan dans, musikk, komposisjon og arrangering, samt tenester innan prosjektleiing og administrasjon.
Selskapet vart stifta av ekteparet Bjørn Kåre Odde og Solveig Brekke Hauknes i 2021 og held til i vakre Vågå i Ottadalen.

Ordet "melovitt" er eit lokalt namn om dansen menuett. Ein finn også fleire springleikar i Ottadalen som kallast melovitt.

Foto: Kulturfotografen AS

Plateselskapet

Plateselskapet Melovitten har gjeve ut musikk digitalt og fysisk sidan oppstarten i 2021. Produksjonane er i hovudsak knytt til sjangeren folkemusikk, der nokre album spenner seg vidare til andre nærliggande sjangre.
Fysisk og digital distribusjonsavtale har vi gjennom Musikkoperatørene, samt Dicentia som fabrikant av CD og Vinyl.
Vi vidareformidlar gjerne våre gode kontaktar på t.d. fotograf, grafikar, teknikar mm. Vi tek også på oss å lage grafisk formgjeving internt i selskapet.
Omfang av promopakke avtaler vi i samråd med deg som artist.
Vi kan etter avtale bistå med rettleiing i søknads- og budsjetteringsprosessen, produsentoppgåver, marknadsføringsbistand mm.

Om oss

Bjørn Kåre Odde - Kunstnarleg leiar

Bjørn Kåre er komponist og musikar på fele og bratsj. Han har master frå Norges Musikkhøgskole i utøvande folkemusikk. I 2019 fekk Bjørn Kåre prisen som "Årets folkemusikar" under bransjetreffet Folkelarm. Han har skrive fleire tingingsverk og har vore solist med fleire av Europas leiande kor og orkester. Bjørn Kåre har god erfaring med arbeid i studio, og kan gjere arbeid med demo, pålegg, klipping etc.

Les meir om Bjørn Kåre som utøvar her.

Mail: odde@melovitten.no
Telefon: +47 995 47 098

Solveig Brekke Hauknes - Produsent

Solveig er prosjektleiar, folkedansar og kulturarbeidar. Ho har bachelor frå Høgskulen Kristiania innan prosjektleiing kultur og kreativ næring og folkedansutdanning frå NTNU vidare. Ho arbeider også som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag.  Elles arrangerer ho festival, konsertar, kappleikar eller andre små og store arrangement. Solveig held folkedanskurs for alle nivå og aldre. Solveig har god erfaring med marknadsføring, sosiale medier, grafisk utforming og anna administrativt arbeid.

Mail: solveig@melovitten.no
Telefon: + 47 473 98 764


Tenester vi tilbyr

I tillegg til å gje ut plater kan vi tilby ei rekke ulike tenester, slik som konsertar, dansekurs, prosjektleiing, komposisjon, grafisk design med meir.

Er du nysgjerrig på å lese meir om kva du kan hyre oss til?