Sjå ut

Atterljomen med det nye albumet “Sjå ut”.

Dei kjente felespelarane i trioen Atterljomen har laga nytt album med slåttemusikk frå Ottadalen. Denne gongen med ei samling dikt av lokale lyrikarar. Dei er kanskje mest kjent kvar for seg, felespelarane Bjørn Kåre Odde, Astrid Sulheim og Aslak Brimi. Som trio er dei Atterljomen – namna etter ein slått av Sjugurd Garmo (1896-1991). Dei vart tildelt den gjæve Folkelarmprisen for debutalbumet i 2016, og i 2019 lansera dei albumet «Tonar i tre». No er dei aktuelle med plata «Sjå ut» med både tradisjonelle slåttar og nykomponerte melodiar i tradisjonell stil. Men denne gongen har dei slått på stortromma og gjort eit redaksjonelt arbeid med å plukke ut eitt lokalt dikt til kvar av dei 16 slåttane.

Dei lanserer altså CD med ei 40-siders bok! Og platelanseringa går sjølvsagt føre seg under Landskappleiken i Lom som går av stabelen den 21. juni.

- Både slåttetradisjonen og lyrikkulturen står svært sterkt i Ottadalen. Det var ei naturleg utfordring for oss å kombinere desse to der ulike dikt nøysamt har blitt utvald til kvar slått, seier Aslak Brimi, som og har gjort den grafiske formgjevinga til boka.

Dei tre meritterte musikarane har fått god redaksjonell hjelp av ein annan lyrikkinteressert felespelar, nemleg Even Lusæter frå Vågå. I forordet til boka skriv han mellom anna: «Musikarane, orda og tonane på denne plata har røta seg i dei same vekstvilkåra. Noko er gamalt tradisjonsstoff som har fått evig liv og let ved å bli delt mellom spelmenn i generasjonar. Noko er nykomponert og så godt forma i tradisjonen at ein mest ikkje tenkjer over at det er ein komposisjon.»

“Sjå ut” mottok Folkelarm-pris i kategorien “Tradisjonelt samspel” 2023.


Metadata

Artist: Atterljomen
Albumtittel: Sjå ut
Label
: Melovitten
Type:
Album m/ diktsamling, CD
Katalognr.:
MV609
​Produsent:
Astrid Sulheim, Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde
​Innspeling, miksing og mastering:
Tor Magne Hallibakken
Innspelt:
Hallingdal, februar 2023
Maleri:
Wilhelm Bjertnes
Foto av maleri
: Augeblikk studio v/ Edvard Mølmen
​Grafisk formgjeving: Heidrun Laugsand og Aslak Brimi
Lansering
: 23. juni 2023
Medverkande
: Astrid Sulheim (fele), Aslak Brimi (fele), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj)

Foto: Augeblikk studio


Kjøp CDen og diktsamling i nettbutikken

Forrige
Forrige

Flamingoflåta

Neste
Neste

Heim åt meg