Steg
Foto: Kulturfotografen AS Thor Hauknes
Grafisk: Melovitten
SKROT lanserer debutplate!
Dei har allereie hausta gode attendemeldingar etter lansering av sine to fyrste singlar, «Risan» og «Tri år i Sorperoen» komponert av tre av gruppas medlemmer. No er dei klare for å syne fram heile debutalbumet deira, som har fått namnet «Steg».
SKROT er ei folkemusikkgruppe med utspring frå Ole Bull-akademiet på Voss. Dei seks unge musikarane har alle sterke røter i runddansmusikken, men evner samstundes å utfordre musikken med element frå ulike sjangrar. Debutalbumet deira, «Steg» inneheld ei god blanding av tradisjonelle og nykomponerte melodiar, lekkert arrangert for trekkspel, feler, gitar og kontrabass. Innimellom dukkar det opp cittern og hardingfeler, noko som gjer dette til ei svært variert gammaldansplate.
SKROT spelar med ei smittande speleglede og eit makelaust driv, der presisjon og overskot går hand i hand. Resultatet er ei plate som både står støtt i tradisjonen og samstundes vågar å opne dørene mot andre sjangrar og impulsar.
“Vi ynskjer å sette fokus på både tradisjonelt materiale og nykomponert musikk, der vi alltid har eit mål om å skape eit energisk, lyttbart og heilt eige lydbilete”, seier trekkspelar i gruppa, Vegard Hansen. SKROT har alltid eit mål om at kvar musikar sin personlege stil skal kome tydeleg fram ved hjelp av groovy arrangement, stødig samspel, leik og improvisasjon.
«Det er noko med folk som har den eigenskapen at dei greier å gjere bruksmusikk både dansbar og meget lyttbar. Det greier SKROT», meiner Øyvind Sandum.
Som musikkelskar og gammaldansentusiast skildrar Sandum «Steg» som ei plate ein stadig kan vende attende til – eit referansepunkt, ei «referanse-gammaldansplate», der kvar gjennomlytting opnar for nye detaljar og nye lag.
«SKROT byr på arrangement som er inspirert både av den typiske trekkspel-gammeldansen, bluegrass, pop, rock, country og mykje anna. Mange gjer dette, med ulikt hell, men SKROT greier det på ein utmerkt måte».
Plateslepp og konsertar
SKROT markerer lanseringa av den nye plata med platesleppkonsert og dansefest på Rudi gard på Sør-Fron laurdag 24. januar. Her inviterer dei til konsert og stor dansefest der mellom anna Nye Ringnesin, Skultbakkalaget og fleire lokale spelmannslag blir å sjå på scena. Vidare blir det lanseringskonsert på Riksscenen i Oslo torsdag 29. januar under festivalen DANS DANS DANS, før gruppa tek turen til Folkemusikktreffen i Vågå 6.–7. februar.
«Steg» vert tilgjengeleg på alle strøymetenester samt gjeve ut som fysisk CD på plateselskapet Melovitten i Vågå.
Metadata
Artist: SKROT
Albumtittel: Steg
Label: Melovitten
Type: Album
Katalognr.: MV639
Produsent: Bjørn Kåre Odde
Innspelt: 8.-10. mars 2025, Valde i Vågå
Innspilling: Vegard Moshagen
Miks, mastering: Tor Magne Hallibakken
Foto: Kulturfotografen AS/Thor Hauknes
Grafisk design: Melovitten
Lansering album: 23. januar 2026
Medverkande: Ragna Valde Sletten (fele, hardingfele), Ane Stakston Aasen (fele, hardingfele). Steinar Odde (trekkspel, gitar), Vegard Hansen (trekkspel), Semon Harerusten (gitar, cittern) og Simen Håland (kontrabass).
Gjesteartist: Bjørn Kåre Odde (bratsj)
Lansering singel “Risan” 17. desember 2025
Lansering singel “Tri år i Sorperoen” 16. januar 2026
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes