Melovitten AS - modig musikk

Melovitten, plateselskapet frå Vågå, har sidan 2021 gjeve ut folkemusikkplater i tradisjonell og nyskapande stil.

Nominert til Folkelarmprisen 2026

SKROT: Steg SKROT: Steg
Hurtigvisning
SKROT: Steg
200,00 kr

SKROT er ei folkemusikkgruppe med utspring frå Ole Bull-akademiet på Voss. Dei seks unge musikarane har alle sterke røter i runddansmusikken, men evner samstundes å utfordre musikken med element frå ulike sjangrar. Debutalbumet deira, «Steg» inneheld ei god blanding av tradisjonelle og nykomponerte melodiar.

Hivaren Hivaren
Hurtigvisning
Hivaren
200,00 kr

Hivaren – Runddans frå Nordvestlandet løfter fram eit rikt repertoar av slåttar frå Møre og Romsdal og Nordfjord. Her finn vi musikk med røter i lokale tradisjonar, henta frå kjelder som Hans H. Gjeitvik, Per Bolstad, Peter L. Rypdal og fleire. Albumet rommar slåttar med driv og speleglede, og syner breidda i runddanstradisjonane frå Nordvestlandet.

Nortopia (CD) Nortopia (CD)
Hurtigvisning
Nortopia (CD)
200,00 kr

Den nye folkemusikktrioen Nortopia slepper sitt første album 9. januar 2026 på plateselskapet Melovitten. Albumet samlar 13 tradisjonelle slåttar frå Vestlandet, med hovudvekt på Hardanger og Voss, og markerer eit nytt og friskt pust i norsk folkemusikk.

Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele og hardingfele, og Kristian Wolski på cittern, har trioen utvikla eit varmt og særmerkt uttrykk som både tek vare på tradisjonen og peikar framover. Musikken er rik på klang, rytme og nærleik – der gamle slåttar får nytt liv i eit moderne, lyrisk og leikent samspel.

- Me har teke i bruk tradisjonsmateriale frå Vestlandet fordi det ligg oss nært – både musikalsk og personleg. Dette er det musikalske landskapet me kjem frå, og som inspirerer oss mest, fortel Johanne Løkensgard Mjøs.

Komande utgjevingar

NETTBUTIKK

Kjøp CDar, vinyl, digitale noter og merch

Vinnar Spellemann 2025

Tradisjonsmusikk

Qvam/Plassen: Stråk
200,00 kr

Qvam/Plassen med albumet “Stråk”: Vinnar av SPELLEMANN 2025 - Tradisjonsmusikk

Med djupe røter i tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdalen og Trøndelag byr Qvam/Plassen inn til si debutplate som duo, ei folkemusikkplate i ny drakt, blanda av fengende riff, bukkehorn og folkesong.

Duoen består av Bendik Smedåsgjelten Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen, to unge og ettertrakta folkemusikarar med bakgrunn frå både tradisjonsmusikk og andre sjangrar. Gjennom meir enn 10 år med samspel har dei utvikla ein unik spelestil med bukkehorn, lyre, gitar, seljefløyte og nyanserik vokal, og saman skapar dei eit lydbilde som er både nært og kraftfullt.

Musikken på plata består av slåtter, viser og ballader, arrangert i Qvam/Plassens særeigne uttrykk. Mykje av musikken går i moll, og har eit preg av både melankoli, håp og mørke. Livet i Nord-Østerdalen har historisk vore prega av mykje hardt arbeid og lange, kalde vintre. Kanskje gjenspeglast dette også i musikken?

Ved å kjøpe plata får du lese meir om kvar låt og prosessen bak prosjektet i eit hefte som kjem med CDen.

Våre artistar

Nysgjerrig på kven vi har gjeve ut musikken til, eller kven vi snart skal lansere nye produksjonar med? Sjekk ut våre artistar!

Melovitten fem år!

Lytt til musikken vår

Vi har samla nokre utvalde låtar frå alle våre utgjevingar i ei eiga speleliste.
Følg den gjerne, så får du alltid siste nytt frå oss.