Storebror

Frikk Gjeilo sin nye singel «Storebror» er den fyrste frå albumet «Heim åt meg» som lanserast i mai 2023. Låta handlar om ein storebror som reiste ut og kom heim att. Han møtte småsysken som brått hadde blitt vaksne, og som hadde byrja å leve eigne liv. 

«Storebror» fekk brått ei ny meining for Gjeilo då veslesyster Janne plutseleg vart akutt sjuk og trong ein transplantasjon for å kunne leve som før. 

Gjeilo sine personlege tekstar på lomsdialekt er underfundig lyrikk om det indre sjeleliv så vel som kvardagslege tema. I den nye produksjonen får musikken hans tonefylgje av pop- jazz- og folkemusikarar som skapar eit varmt og levande uttrykk. 



Artist: Frikk Gjeilo
Låttittel: Storebror
Label
: Melovitten
Type
: Singel
Produsent: Bjørn Kåre Odde
​Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, oktober 2022
Foto
: Privat
​Grafisk formgjeving: Synne Gjeilo
Lansering
: 27. januar 2023
Medverkande
: Frikk Gjeilo (vokal, gitar), Bjørn Kåre Odde (stryk), Vegard Moshagen (piano), Steinar Odde (gitar)

Forrige
Forrige

Skunde deg, jente

Neste
Neste

Sandum/Tallroth