Ære
Cover: Melovitten
Nye Ringnesin er tilbake – med ny plate etter 27 år!
I over 40 år har Nye Ringnesin formidla gammaldansmusikk frå Gudbrandsdalen. No er den Spellemannpris-vinnande gruppa endeleg tilbake med nytt album. «Ære» byr på både gamalt stoff, nye melodiar og velkjend speleglede – 27 år etter førre plateutgjeving.
Det er ikkje kvar dag ei gammaldansgruppe kjem med ny plate etter nesten tre tiår. Nye Ringnesin vart etablert i 1984 og markerte seg raskt med eit særprega og drivande samspel. Med røter i den rike musikktradisjonen frå Ottadalen og Gudbrandsdalen vart gruppa ein viktig ambassadør for norsk dansemusikk gjennom 1980- og 90-talet. I 1995 vart innsatsen krona med Spellemannprisen.
På det nye og fjerde albumet «Ære» er det framleis dei gode melodiane som står i sentrum, samt eit «herlig ruskete samspel» som produsenten så godt sa det i studio. To trekkspel og to feler, med gitar og kontrabass som stødig fundament, skaper den karakteristiske Ringnesin-klangen. Her er både vakre valsar og spreke reinlendarar, men også lyriske innslag med Reidar Svare som vokalist.
Ein viktig inspirasjon bak utgjevinga er musikken etter den legendariske trekkspelaren Oddvar Nygaard (1919–1985) frå Sør-Fron. I tillegg byr albumet på komposisjonar av mellom andre Roger Slåstuen og Vegar Vårdal, ein gammaldansversjon av Gjermund Haugens kjende «Tjønneblomen» og visesong med tekstar av Ove Tidemansen og Dan Andersson.
Tittelen «Ære» har også ei djupare meining. Tittelsporet er komponert av Vegar Vårdal til minne om Ivar Odnes, som var med i Nye Ringnesin heilt frå starten og gjekk bort i 2018. Slik blir albumet også ei helsing til dei som har vore med på å forme historia til gruppa.
Sjølv om mykje har skjedd sidan førre plate, er kjernen i Nye Ringnesin den same: levande dansemusikk med varme, særpreg og respekt for tradisjonen. «Ære» er difor både eit tilbakeblikk og eit steg vidare – ei plate for dei som har dansa til Nye Ringnesin i alle år, og for nye lyttarar som vil oppdage melodirikdomen i norsk gammaldansmusikk.
Plata blir gjeven ut av det vågåbaserte plateselskapet Melovitten. Fysisk lansering under Vågåtreffen 30. oktober, digital lansering 6. november.
Metadata
Artist: Nye Ringnesin
Med: Øystein Rudi (fele), John Egil Odnes (trekkspel), Reidar Svare (song, fløyte, piano), Kjell Grothe (trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj), Bjarne Odde (kontrabass) og Kåre Vennevik (gitar).
Albumtittel: Ære
Label: Melovitten
Type: Album
Katalognr.: MV647
Produsent: Nye Ringnesin/Melovitten
Innspelt: Rudi gard (Sør-Fron), 23. og 24. januar 2026
Teknikar, miks og mastering: Tor Magne Hallibakken
Edit: Bjørn Kåre Odde
Foto: Kari Margot Odnes
Grafisk design: Melovitten
Lansering album: 30. oktober 2026 (fysisk), 6. november 2026 (digitalt)
Lansering singel: “Tjønneblomen” 14. oktober 2026 + “Galopp etter Jørn Lien” 23. oktober 2026
Frå venstre: Bjarne Odde, Kjell Grothe, Bjørn Kåre Odde, Reidar Svare, Kåre Vennevik, Øystein Rudi og John Egil Odnes.
Foto: Kari Margot Odnes
Nye Ringnesin har vore ein viktig del av gammaldansmusikken i over 40 år. No er den Spellemannpris-vinnande gruppa tilbake med Ære – den fyrste nye plata på 27 år.
Ære er både eit tilbakeblikk og eit steg vidare – og framfor alt ei plate laga for dei som likar gammaldansmusikken levande, nær og ekte. Besetninga er karakteristisk for Nye Ringnesin: To trekkspel og to feler med bass og gitar som akkompagnement. Det same er repertoaret: Hardbarka dansemusikk ispedd lyrisk visesong ved Reidar Svare.