Heim åt meg

Låtskrivar, lyrikar og lomvær Frikk Gjeilo kjem endeleg ut med ny musikk. Låtar frå debutalbumet hans Hyttebok (2021) surrar stadig på radioen, og denne gongen tek han lyttaren med «heim åt seg» for å syngje om personar og stader han kjenner godt. Albumet heiter "Heim åt meg" og blir lansert 26. mai 2023.

Tekstane er framleis både personlege og på lomsdialekt, men lydbiletet er denne gongen på fleire måtar både varmare og nærare, og den einslege kassegitaren hans får kledeleg selskap av store felearrangement, behagelege tonar frå trekkspel og piano, og fengjande pulseringer frå banjo, bass og slagverk. 

  Med seg har han i hovudsak lokale musikarar, som Bjørn Kåre Odde, Steinar Odde, Vegard Moshagen, Gro Visdal og Mari Midtli, med eit hyggeleg innslag av kvindølen Thomas Gallatin på trommer – nokre av dei aller beste Gudbrandsdalen og Kvinesdal har å by på.

- Eg er jælma nøgd med måten alle desse strålande handverkarane har fargelagt låtane mine på. Mykje av repertoaret har vi spelt live lengje, og eg gler meg til å gje dei til lyttarane til evig tid no, seier Frikk.  


Metadata

Artist: Frikk Gjeilo
Albumtittel: Heim åt meg
Label
: Melovitten
Type:
Album, CD
Katalognr.:
MV608
​Produsent:
Bjørn Kåre Odde
​Innspeling, miksing og mastering:
Tor Magne Hallibakken
Innspelt:
Hallingdal, oktober 2022
Foto
: Merete Byre-Haakensen
​Grafisk formgjeving: Melovitten
Lansering
: 26. mai 2023
Medverkande
: Frikk Gjeilo (vokal, gitar), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj, vokal), Vegard Moshagen (piano, bass, orgel), Steinar Odde (gitar, trekkspel), Thomas Gallatin (trommer), Gro Visdal (kontrabass), Mari Midtli (vokal)

Forrige
Forrige

Sjå ut

Neste
Neste

Sophies Minde