Føreferd

Duoen med Bjørn Kåre Odde (33) frå Vågå og Sivert Holmen (31) frå Aurdal lanserer sitt andre album den 22. september. Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis korleis ein kan utvikle potensialet til hardingfele i samspel.

- I starten var det ikkje bratsj, men vanleg fele og hardingfele. I utgangspunktet ynskte vi å møtast i duoformat med den tradisjonsmusikken vi har vakse opp med: Hardingfelemusikk frå Valdres og felemusikk frå Gudbrandsdalen. Og la begge instrumenta vere likestilt. No har det nok utvikla seg mot det litt meir eksperimentelle – ein slags samansmelting av tradisjonsmusikk, improvisasjon og kunstmusikk, med den slåttesymfoniske stilen til Eivind Groven som eit viktig førebilete, fortel duoen.

Sivert og Bjørn Kåre studerte saman på Noregs musikkhøgskule i Oslo for omlag ti år sidan. I 2015 vart dei som duo kåra til Årets Folkemusikar under Folkelarm, og har seinare gjeve ut albumet «Sumarmorgon» og turnert i store deler av Noreg.

Etter studietida har begge flytta heim att til sine respektive dalføre. Sivert til Øystre Slidre og Bjørn Kåre til Vågå. Begge er utøvande musikarar på heiltid.

- Det er ikkje lange vegen over fjellet, så vi har god kontakt og høve til å spele mykje i lag. Og så er det inspirerande at vi kjem frå to ulike tradisjonsområde og kan dele erfaringar og kunnskap med kvarandre.

Odde & Holmen har allereie gjeve ut ein singel: Ein hallingslått med tittelen «Geicke» som Sivert Holmen har komponert.

- Ein svingande hardingfeleslått som også passar veldig godt på bratsj, seier Bjørn Kåre.


Metadata

Artist: Odde & Holmen
Albumtittel: Føreferd
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognr.: MV613
Produsent: Anne Hytta
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, november 2022 og januar 2023
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes
​Grafisk formgjeving: Melovitten
Medverkande: Sivert Holmen (hardingfeler), Bjørn Kåre Odde (bratsj)
Lansering singel: "Geicke" 1. september 2023
Lansering album digitalt: 22. september 2023
Lansering album fysisk: 18. november 2023 på Folkelarm

Foto: Kulturfotografen AS

Odde & Holmen: Føreferd
kr 200,00
Antall:
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Tverrsnitt

Neste
Neste

Väsen