Atterljomen

Atterljomen er ein feletrio frå Lom i Gudbrandsdalen. Dei spelar tradisjonell og nykomponert folkemusikk med røter i den lokale tradisjonen. Gruppas medlemer er tre av dei fremste utøvarane innan sjangeren både lokalt og nasjonalt. Atterljomen har også gjeve ut fleire plater tidlegare, på andre plateselskap.

Gruppa består av:

  • Astrid Sulheim, fele (f. 1977)

  • Bjørn Kåre Odde, fele og bratsj (f. 1990)

  • Aslak Opsahl Brimi, fele (f. 1983)

Atterljomen har gjeve ut følgande produksjonar hjå Melovitten

Atterljomen: Sjå ut
250,00 kr

Dei kjente felespelarane i trioen Atterljomen har laga nytt album med slåttemusikk frå Ottadalen. Denne gongen med ei samling dikt av lokale lyrikarar. Dei er kanskje mest kjent kvar for seg, felespelarane Bjørn Kåre Odde, Astrid Sulheim og Aslak Brimi. Som trio er dei Atterljomen – namna etter ein slått av Sjugurd Garmo (1896-1991). Dei vart tildelt den gjæve Folkelarmprisen for debutalbumet i 2016, og i 2019 lansera dei albumet «Tonar i tre». Albumet “Sjå ut” fekk også Folkelarmpris i 2023.

Albumet «Sjå ut» består av både tradisjonelle slåttar og nykomponerte melodiar i tradisjonell stil. Denne gongen har dei slått på stortromma og gjort eit redaksjonelt arbeid med å plukke ut eitt lokalt dikt til kvar av dei 16 slåttane, slik at produktet består av ei 40-siders bok som tillegg til CDen.

Forrige
Forrige

Anders Lillebo

Neste
Neste

Bjørn Kåre Odde