Folk Chamber

Felespelar Bjørn Kåre Odde har som utøvande musikar vore med på meir enn 20 plateprosjekt. Men det er fyrst no vagværen kjem med debutalbumet sitt, i fylgje han sjølv. «Dette albumet er eit resultat av ein årelang tankeprosess med eit sterkt ynskje om å gjeva ut noko musikalsk eg kan stå fullt og heilt for sjølv. Dei siste to åra har tankar vorte til noko meir konkret, og eg er særs nøgd med sluttresultatet», slår Bjørn Kåre fast. Albumet har fått tittelen «Folk Chamber», eller «Kammerfolk» på norsk om du vil, og er alt anna enn eit soloalbum slik ein kjenner det i folkemusikksjangeren. All musikken på plata er i samspel mellom fleire utøvarar, frå trio til sekstett, og alle spelar strykeinstrument.

«Heile albumet består av mine eigne komposisjonar arrangert for ein eller annan strykebesetning. Dette er kammermusikk med utøvarar frå både klassisk og folkemusikk, noko som gjev ein heilt eigen karakter som eg håpar og trur er lett å like», fortel Bjørn Kåre.

Det var rundt den tida då landet vart stengt ned i mars 2020 at Odde verkeleg fekk fart på prosjektet. Faktisk så har alle komposisjonane på albumet vorte laga i koronatida. Han fortel at han bestemte seg for å nytte den rolege perioden til å skape noko: Lage nye melodiar og arrangement.

«Då alt av jobbar brått forsvann som fylgje av pandemien blomstra kreativiteten opp hjå meg. Det handla nok om meir enn å få tida til å gå; Det handla om at eg fekk fri frå den travle kvardagen som musikar, som gjerne betyr mykje reising og prestasjonspress i ulike samanhengar. Endeleg kunne eg setje meg ned og bruke god tid på det eg tykkjer eg morosamt, nemleg å skrive musikk.»

Folk Chamber vann Folkelarm-prisen for beste plate i kategorien “Åpen klasse” 2022!


Metadata

Artist: Bjørn Kåre Odde (f. 1990)
Albumtittel: Folk Chamber
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognummer: MV1
Produsent: Vegar Vårdal
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, mai 2021
Foto: Kulturfotografen AS v/ Thor Hauknes
Grafisk formgjeving: Eva Karlsson
Lansering: 29. oktober 2021
Medverkande: Bjørn Kåre Odde (fele og bratsj), Vegar Vårdal (fele), Sander Tingstad (fele), Elin Marie Christensen (fele og bratsj), Ida Malene Kvem, tidl. Christensen (cello), Jon Åsnes (kontrabass) og Bjarne Odde (kontrabass)


Bjørn Kåre Odde: Folk Chamber
kr 200,00
Antall:
Legg til i handlevogn
Vals til fjells - string quartet (score & parts)
kr 200,00
Legg til i handlevogn
Vals til fjells - string quintet (score & parts)
kr 200,00
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Gnr. 138, Bnr. 1

Neste
Neste

Stillheitas diskotek