Madam Jam
Gruppa Madam Jam er eit møte mellom sju musikarar frå Innlandet som utforskar nye og spennande instrumenteringar og arrangement i den norske tradisjonsmusikken. Målet for gruppa er å skape musikk og stemning som kanskje kan lokke fleire til å lytte på og danse til runddansmusikk!
Madam Jam vekte mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmer i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Steinar Odde er hovudkomponist og -arrangør i gruppa, men Øyvind Sandum og Pål Bratås bidreg også i stor grad.
Debutalbumet vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.
The folk party band Madam Jam enjoyed immense success in Norway with their debut album van danse. Their sequel album Partykongen contains even more of the good stuff! Madam Jam explores innovative instrumentations and arranging methods, all based on traditional Norwegian folk music. Their live performances are sure to make you want to jump for joy as well as dancing the traditional ways.
Madam Jam members:
Steinar Odde (1994), Voss (banjo, dobro, hardanger fiddle)
Øyvind Sandum (1982), Oppdal (accordion, diatonic accordion)
Bjørn Kåre Odde (1990), Vågå (fiddle, hardanger fiddle, viola)
Gro Visdal (1993), Vågå (contrabass)
Kristen Bratås (2004), Ridabu (keys)
Geir Byre (1974), Skjåk (guitar)
Pål Bratås (1976), Ridabu (accordion, diatonic accordion)
Productions from Madam Jam
Gruppa Madam Jam er eit møte mellom sju folkemusikarar frå Innlandet som utforskar nye og spennande instrumenteringar i den norske tradisjonsmusikken. Debutalbumet «van danse» blir lansert den 28. juli 2023.
Kombinasjonen av banjo, gitarar, el-gitar, bratsj, torader, trekkspel og kontrabass er uvanleg i norsk samanheng. Kanskje må du heilt til Irland eller USA for å finne noko som liknar. På eitt av spora har dei til og med fått med seg ei blåserekke.
Madam Jam med nye låtar og ny plate våren 2025
Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?
Dei sju Innlands-musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!
Debutalbumet til Madam Jam vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.
No to år etter er dei klare med ny plate! Albumet har fått tittelen “Partykongen”.
Note av polkaen Flamingoflåta som pdf-fil. Nota innheld melodi, basslinje og besifring.
Flamingoflåta vart laga av Steinar Odde til Madam Jam si fyrste plate “van danse”, 2023.