Lendmenn
Lendmenn er ei gamaldansgruppe frå Lom og Vågå. Dei gav ut sin fyrste CD i 2015, ti år etterpå kjem dei med si andre utgjeving. Lendmenn har gjort det bra på mange festivalar og er ei ettertrakta dansespelgruppe.
Gruppa består av:
Steinar Odde (1994)
Øyvind Sandum (1982)
Bjørn Kåre Odde (1990)
Mads Erik Odde (1991)
Bjarne Odde (1969)
Lendmenn er aktuelle med følgande produksjonar gjennom Melovitten:
KJØP PLATA FØR LANSERING!
2.0 er oppfølgaren til Lendmenn sitt fyrste album Den fyrste frå 2015. Denne plata byr på endå meir dansbar gamaldans!
Ei av Noregs beste gamaldansgrupper Lendmenn er no ute med ny musikk. Sjølv om kjerneområdet for repertoaret er Ottadalen og Gudbrandsdalen, ivrer Lendmenn etter å spele gode danseslåttar uavhengig av kor i landet slåtten kjem frå. Og det gjer dei med variasjon i besetning der Øyvind Sandum veksler mellom trekkspel og durspel, og Bjørn Kåre Odde mellom fele og bratsj. Kombinasjonen durspel og bratsj har dei siste åra kanskje blitt eit varemerke for Lendmenn.
Med Øyvind Sandum (trekkspel/durspel), Bjørn Kåre Odde (fele/bratsj), Mads Erik Odde (trekkspel), Steinar Odde (gitar) og Bjarne Odde (kontrabass).
Ved å kjøpe plata får du lese meir om kvar låt og prosessen bak prosjektet i eit hefte som kjem med CDen.