Madam Jam: Partykongen

200,00 kr

Madam Jam med nye låtar og ny plate våren 2025

Med banebrytande runddansmusikk har Madam Jam på svært kort tid engasjert eit heilt folkemusikkmiljø. Er vi vitne til ei ny gammaldansbølge?

Dei sju Innlands-musikarane i Madam Jam har vekt mykje åtgaum etter at dei lanserte debutalbumet «van danse» sommaren 2023. Fengjande melodiar, frekke rytmar i gitar og banjo og krutsterk danseappell er nokon av grunnane til det. Sjølv om hjarta ligg den tradisjonelle runddansmusikken nær, er ikkje Madam Jam redde for å leggje til nye musikalske element i sjangeren. Og målet for gruppa er alltid å skape god stemning og danseglede!

Debutalbumet til Madam Jam vart heidra med Folkelarmprisen i kategorien Dansespel i 2023.

No to år etter er dei klare med ny plate! Albumet har fått tittelen “Partykongen”.

Artist: Madam Jam
Albumtittel: Partykongen
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognr.: MV631
Produsent: Melovitten
Innspeling: Vegard Moshagen
Miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Vinstra, september 2024
Grafisk formgjeving: Mari Høgberget Veggum 
Lansering: 30. mai 2025
Medverkande: Steinar Odde (banjo, dobro), Pål Bratås (torader, trekkspel), Øyvind Sandum (torader, trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj, hardingfele), Kristen Bratås (piano),  Geir Byre (akustisk gitar), Gro Visdal (kontrabass)

Sporliste

  1. Partykongen

  2. Kveldsseto

  3. Lurifox

  4. Bipolka

  5. Nasj

  6. Fårs

  7. I gode og onde dager

  8. Melankolsk reinlender

  9. Polka på hålka

  10. Tiril

  11. Sniffix

  12. Et farvel

  13. Fra Veggli til Vågå