Malin Alander & Ole Nilssen

Malin Alander (f. 1992) er folkesongar frå Sandane i Vestland. Ole Nilssen (f. 1993) er trekkspelar frå Løten i Innlandet. Dei har båe utdanning frå Norges Musikkhøgskule og er av våre fremste utøvarar innan sine område.

Malin og Ole er hovudartist eller medverker i følgande produksjonar

Malin Alander & Ole Nilssen: Draumkvedet
200,00 kr

Draumkvedet er ei av Noregs mest kjende mellomalderballadar, og vert på denne produksjonen framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). I Draumkvedet får vi høyre om Olav Åsteson som fell i djup søvn julaftan, og vaknar trettande dag jul. I draumane sine har han gått gjennom himmel og helvete, sett synder og nød og fått den siste domen.

Malin og Ole presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet, med fokus på tid, kontrastar og klangbehandling i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og følger opplevingane til Olav Åsteson. Dei formidlar likevel visjonsdiktet med dei tradisjonelle melodiane i fokus. Deira form er henta frå versjonane til Molkte Moe, Hulda Garborg og Maren Ramskeid. 

Forrige
Forrige

Madam Jam

Neste
Neste

Mari Midtli & Astrid Sulheim