Eit utforskande blikk på toraderspelet

Amalie Kinsarvik Tvilde (26) sitt debutalbum inneheld repertoar som spenner seg frå Hardanger og Voss til Helgeland og Røros.

For 3 år sidan vart Amalie den fyrste durspelaren som tok bachelor i utøving ved Noregs Musikkhøgskule. Den 9. oktober kjem soloplata hennar med tittelen «Kverv»!

Plata til Amalie er ei personleg og tradisjonsforankra soloinnspeling der ho formidlar si eiga stemme innan dagens durspeltradisjon. Med utgangspunkt i det ho har fått overlevert frå læremeistrar som Annette Thorsheim, Tom Willy Rustad, Leif Ingvar Ranøien og Hilde Fjerdingøy, rommar plata både slåttar ho sjølv har overført frå hardingfele til durspel, og stoff ho har fått gjennom tradisjonslinja.

Resultatet er ei samling store og nære slåttar – rett og slett Amalie sine favorittar – løfta fram med eit friskt og utforskande blikk på toraderspelet.

På denne utgjevinga står instrumentet i fokus. Amalie vil vise lyttaren heile instrumentet, frå det sarte og enkle til det kraftfulle og dramatiske. «Pols fra norra Røros» og «Den femte årstid» er to ytterpunkt som viser kva instrumentet har å by på.

På denne utgjevinga er også tradisjonlinja sentral. Amalie har gjennom mange år lært slåttar som er overført og arrangert av læremeistrane sine. Det er difor stor geografisk variasjon i slåttematerialet. «Drevjapols» frå Helgeland og «Jørn Hilme» frå Valdres.

Nokre av slåttane er også Amalie sine utformingar av slåttar frå heimtraktene sine, dette får ein høyre på fyrste spor «Marta Onstad»!

Albumet lanserast som vinyl på plateselskapet Melovitten fredag 9. oktober 2026.


Metadata

Artist: Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1999) - torader
Albumtittel: Kverv.
Produsent: Hilde Fjerdingøy.
Innspilling, miksing: Sjur Lyseid.
Mastering: Fridtjof Lidnemann.
Innspilt: Globus studio. november/desember 2025.
Foto: Balthasar Huss.
Grafisk formgiving: Melovitten, Solveig Brekke Hauknes.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV641.
Lansering album: Fredag 9. oktober 2026 (digitalt og vinyl)

Amalie Kinsarvik Tvilde: Kverv
399,00 kr

Durspelaren Amalie Kinsarvik Tvilde frå Hardanger er ei markant stemme i den nye generasjonen folkemusikarar. På denne soloplata tek ho lyttaren tett på durspelet – slik instrumentet kling i hennar hender: kraftfullt, nyansert og inderleg. Repertoaret spenner seg frå Hardanger og Voss til Helgeland og Røros. Her får me høyre slåttar ho sjølv har overført frå hardingfele, side om side med stoff ho har tileigna seg gjennom læremeistrane sine.

Slik vert plata både eit personleg portrett og ei levande tradisjonslinje i praksis. Med driv og virtuositet løfter ho fram både dei store slåttane og dei vare perlene – og stadfestar si eiga stemme i den norske folkemusikken.


Neste
Neste

Vær så god, Bananer med Sjampó!