Melovittens konsertbonanza
12.-14. juni 2026 - VÅGÅ
Velkomen til Melovittens konsertbonanza 12.-14. juni 2026 i vakre Vågå!
Plateselskapet Melovitten feirer fem år i 2026, noko vi vil feire med ei sommarleg og feststemt folkemusikkhelg i heimbygda.
Denne helga byr på konsertar med eit knippe av Melovittens lokale artistar frå Vågå og omegn, og du er sjølvsagt invitert til festen! Du kan vente deg musikk både seint og tidleg, for barnefamiliar og for vaksne. Det blir buskspel, dansefest og gratiskonsert. Mykje liv og røre i bygda vil det garantert bli.
Ta gjerne helga som ei oppvarming til Landsfestivalen i gammaldansmusikk som skjer 29. juli-2. august i Vågå. Vi håpar du vil vere med oss å feire Melovitten sine fyrste fem år med modig folkemusikk!
PROGRAM
(med atterhald om endringar):Fredag 12. juni:
Kl. 19:00 Pøbkveld "Rocke-gammaldans": Lendmenn, Skultbakkalaget, Skurken på dansegolvet (Bokhandeln)
19:00 Dørene opner: vorspiel og buskspel - ta med instrument
21:00 Skultbakkalaget
22:30 Lendmenn
00:00 Skurken på dansegolvet
Laurdag 13. juni:
Dagtid: Stands, buskspel, liv og røre (ute i moom)
Bli med på buskspel!
Få meir info om Landsfestivalen i gammaldansmusikk
Kjøp deg ein CD eller vinyl
11:00 Gratiskonsert med eit utval artistar (Handelsforeninga)
Møt festivalartistar som:
Astrid Sulheim, Lendmenn, Semon Harerusten, Dag Gården og Leif Inge Schjølberg ++
GRATIS inngang.
Sal av kaffi og kaker hjå Kaffikroken biteti.
13:00 Tradisjonell song og spel frå Ottadalen: Mari Midtli & Astrid Sulheim + Atterljomen (Andre etasje)
12:30 Dørene opner
Andre etasje har salg av dagens suppe, spekemattallerken, kaker, kaffi og noko godt i glaset.
15:00 Vakkert og uanstendig: Frikk Gjeilo m/ gjester framfører viser og upassande poesi (Liehjørnet)
14:30 Dørene opner
Sal av mat og drikke.
OBS: Den upassande poesien blir IKKJE sensurert ☺️
PS: Konserten er flytta til Liehjørnet (tidlegare annonsert på Bokhandeln).
19:00 Gammaldansball med Madam Jam, SKROT og Nye Ringnesin (Bakgården på Liehjørnet)
19:00 Dørene opner: Vorspiel og buskspel - ta med instrument!
21:00 SKROT
22:30 Nye Ringnesin
00:00 Madam Jam
Sundag 14. juni:
11:00 Gratis familiekonsert "Sirkus Uventa" med Vegar Vårdal (Bokhandeln)
Sal av mat og drikke. GRATIS inngang.
18:00 Klassiske perler i folkeleg bekledning med Bjørn Kåre & Mads Erik Odde + nordisk feelgood med duoen Sandum/Tallroth (Munchlåven på Gammel-Kleppe Kulturarvhotell)
17:30 Dørene opner
Sal av drikke og biteti.
Billettar
Salg av enkeltkonsertar og festivalpass skjer via Tikkio (ledige billettar selgast i døra kort/kontant/vipps).
Vaksne: 200,- til 390,- per konsert, festivalpass 1000,-.
Ungdom 13-17 år: 100,- per konsert, festivalpass 400,-.
Born under 12 år: gratis.
Ledsagere med gyldig ledsagerbevis: gratis.
OBS: På kveldsarrangementa fredag og laurdag må barn og ungdom under 18 år vera i følge med ein ansvarleg vaksen.
Skal du delta på mange av arrangementa anbefalar vi festivalpass.
Velkomen til vakre Vågå
Veit du kor mange dyktige folkemusikarar som har lokal tilknytning til Vågå og omegn? Berre i plateselskapet Melovitten har vi over 22 lokale utøvarar knytt til 14 artister/grupper, og endå finst det mange fleire fantastiske folkemusikarar i bygdene her i Ottadalen.
12.-14. juni vil vi heidre og sette fokus på nokre av våre fremste, lokale folkemusikkutøvarar!
Det er plateselskapet Melovitten AS som i samarbeid med Eventlink AS inviterer til konsertbonanza, eller festival om du vil, i juni 2026. Håpar du vil vere med på festen!
Frå venstre på bildet: Solveig Brekke Hauknes (produsent Melovitten), Gro Visdal (co-produsent) og Bjørn Kåre Odde (kunstnarleg leiar Melovitten). Foto: Julie Garmo/Fjuken.Kontakt oss
Telefon
+47 995 47 098 ⎮ +47 473 98 764
Adresse
Kveomsvegen 143, 2680 Vågå
Melovittens konsertbonanza er støtta av
-

Festivalens hovudsponsor 🤍
-

-

-

-

-
KL Rørleggerbedrift AS
-
Coop Ottadalen SA
-
Vianvang/Arne Brimi