Mari Midtli & Astrid Sulheim

Mari Midtli ( f. 1997) og Astrid Sulheim (f. 1977) kjem henhaldsvis frå Sel og Lom i Gudbrandsdalen. Mari syng og spelar fele medan Astrid også spelar fele. Dei er to av dei sterke tradisjonsutøvarane vi har i området, og dei har gjeve ut mykje musikk, her se du kva dei har gjeve ut hjå Melovitten, mellom anna ei delt soloplate i 2023.

Mari og Astrid er hovudartist eller medverker i følgande produksjonar


Mari Midtli & Astrid Sulheim: Skunde deg, jente
200,00 kr

To av våre mest akta folkemusikarar har gått saman og laga eit album som hyller kvinnene omtala i tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen. Albumet heiter «Skunde deg, jente», med lansering på sjølvaste kvinnedagen den 8. mars.

Det er folkesongar Mari Midtli frå Sel og felespelar Astrid Sulheim frå Bøverdalen som har samla musikk og historier knytt til kvinner – slåttemusikk med kvinnenamn og songar som handlar om kvinner. Mari og Astrid tek sine eigne liv med og fortel med kjærleik, kraft og identitet. Dei gjer det stort sett kvar for seg – berre to av spora er i samspel. Og som produsent Sigrid Moldestad skriv i heftet til albumet: «Det kjennest ekstra forfriskande å høyre dette materialet slik. (...) Det er ujålete og ekte fortalt».

Forrige
Forrige

Malin Alander & Ole Nilssen

Neste
Neste

Martin Follstad & Olav Kjernmoen