Skunde deg, jente

Hyller kvinnene i folkemusikken 

To av våre mest akta folkemusikarar har gått saman og laga eit album som hyller kvinnene omtala i tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen. Albumet heiter «Skunde deg, jente», og lanseringa skjer på sjølvaste kvinnedagen den 8. mars. 

Det er folkesongar Mari Midtli frå Sel og felespelar Astrid Sulheim frå Bøverdalen som har samla musikk og historier knytt til kvinner – slåttemusikk med kvinnenamn og songar som handlar om kvinner. Mari og Astrid tek sine eigne liv med og fortel med kjærleik, kraft og identitet. Dei gjer det stort sett kvar for seg – berre to av spora er i samspel. Og som produsent Sigrid Moldestad skriv i heftet til albumet: «Det kjennest ekstra forfriskande å høyre dette materialet slik. (...) Det er ujålete og ekte fortalt».  

Astrid, vinnar av kongepokal under Landskappleiken i 2022, har fordjupa seg i slåttar med kvinnenamn. 

- I tidlegare tider, då dette var populærmusikk, var det uvanleg at kvinner spelte fele. Det var stort sett menn som gjorde det. Samstundes har mange av dei tradisjonelle slåttane kvinnenamn som til dømes Beret Hellekveen og Ambjørg Øy. Eg har også prøvd å finne ut litt om desse kvinnene, og det har vore ein artig prosess, fortel Astrid. 

Mari, som vann Vokal klasse A under Landskappleiken i Vågå i 2019, har latt seg inspirere av dei kvinnelege kjeldene for vokalmusikk i Gudbrandsdalen. 

- I motsetnad til slåttemusikken har den vokale folkemusikken i stor grad vore utøvd av damer. Og naturleg nok er det då mange kvinnelege kjelder. Dei har kome med songar som handlar om kvardagslege tema, om kvinnerolla eller om større ting som kjærleik, liv og død. Det er fint å kunne hylle desse damene, men òg vise mangfaldet i tradisjonen, seier Mari. 

“Skunde deg, jente” vann Folkelarm-pris for beste soloplate 2023.


​​Artist: Mari Midtli og Astrid Sulheim
Albumtittel: Skunde deg, jente
Label
: Melovitten
Type
: Album, CD
Katalognummer: MV606
Produsent: Sigrid Moldestad
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Formoseter på Høvringen, oktober 2022
Foto: Augeblikk studio
​Grafisk formgjeving: Haus byrå
Lansering
: 8. mars 2023 (fysisk) 10. mars 2023 (digitalt)
Medverkande
: Mari Midtli (vokal), Astrid Sulheim (fele)

Forrige
Forrige

Hundreåringen

Neste
Neste

Storebror