Sivert Holmen
Sivert Holmen (f. 1992) frå Aurdal i Valdres spelar hardingfele. Våren 2024 gir han ut produksjonane “I lydarlæte” og “Stillheitas diskotek”. Produksjonane kjem digitalt i tillegg til ei dobbel vinylplate.
Foto: Anne Marte Før
Sivert Holmen har gjeve ut følgande produksjonar hjå Melovitten
Odde & Holmen - duoen med Bjørn Kåre Odde (33) frå Vågå og Sivert Holmen (31) frå Aurdal har gjeve ut sitt andre album, “Føreferd”. Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis korleis ein kan utvikle potensialet til hardingfele i samspel.
Dobbel vinylplate med Sivert Holmen - Stillheitas diskotek.
Dette er Sivert Holmen sitt soloalbum for hardingfele frå 2024. Del 1 består av tradisjonelle lydarlåttar frå Valdres, kalla lydarlæte. Ein solistisk lyttetradisjon. Del 2 er Holmen sine rekomposisjonar, variasjonar og improvisasjonar av dei tradisjonelle låttane. Dette er ein del av masterprosjektet hans frå 2023.