Kvåvne

Cover: Kristine Flatland

Tingingsverk for kokande dansegolv

Kvåvne kjem rett ut av eit nedsveitta danselokale utstyrt med grove slåttar og finstemd samspel. Albumet kjem 29. mai 2026.

Gruppa såg dagens lys midt på natta under Jørn Hilme-stemnet sommaren 2025. Kvåvne ønsker å få deg til å gløyme kven du er og la kroppen lyfte deg inn i friheit. I Kvåvne høyrer du slåtteskapar og klangvirtuos Sivert Holmen i fri utfalding med den leikne trommefantasten Hans Hulbækmo, multimusikar og kultheltinne Astrid Garmo og superbassisten som alle felespelarar drøymer om å spele med, Sondre Meisfjord. Saman har dei laga musikk som både er tidlause slåttar, upretensiøs folkemusikkleik, søte valsar og rå tradisjonskost.

Kvåvne er inspirert av den livsbejaande hardingfelelegenden Jørn Hilme (1778-1854) som var både stilskapar, rapp i replikken og ein uhøyrt god instrumentalist. Dei fleste av låttane er nylaga, og mykje av råstoffet er levert av Sivert Holmen.

“Tradisjonsmusikken er språket mitt, og ved å sleppe slåttane mine fri i møte med leikenheita til Hans, Astrid og Sondre, blir det både artigare å spele dei, og det opner opp for kva ei slåtteverd kan vere. Dermed blir det kanskje endå meir i tråd med det Jørn Hilme faktisk dreiv med.” - Sivert Holmen.

Live spelar gruppa alltid for eit ope dansegolv og Hans Hulbækmo blir gira av å spele slåttespel med Kvåvne: “Det er eit kick å spele for eit kokende dansegolv, få det til å groove og samtidig få fram nyansane i slåttemusikken”.



Metadata

Artist: Sivert Holmen (hardingfele, hardanger d’amore og vokal), Astrid Garmo (hardingfele, oktavhardingfele, langeleik, el-gitar og vokal), Sondre Meisfjord (el-bass, kontrabass, el-gitar og vokal) og Hans Hulbækmo (trommesett, calabash og anna perkusjon, munnharpe og vokal).
Albumtittel: Kvåvne
Label
: Melovitten
Type:
Album, digitalt
Katalognr.:
MV642
​Produsent:
Sivert Holmen, Astrid Garmo, Hans Hulbækmo, Sondre Meisfjord og Tor Magne Hallibakken.
​Innspeling, miksing og mastering:
Tor Magne Hallibakken
Innspelt: 1.-3. september 2025, Hallibakken lydproduksjon.
Foto: Frederick Kihle/Jørn Ranum
Film: Jørn Ranum
​Grafisk formgjeving:
Kristine Flatland
Lansering album: 29. mai 2026

F.v.: Sondre Meisfjord, Astrid Garmo, Hans Hulbækmo og Sivert Holmen. Foto: Frederick Kihle


Neste
Neste

Istem