I lydarlæte

I lydarlæte - ei reise gjennom subtil virtuositet

5. april 2024 lanserast “I lydarlæte”, ei soloplate for hardingfele basert på den særeigne musikktradisjonen med lydarlåttar, lydarlæte, frå Valdres. Plata består i hovudsak av tradisjonelle lydarlåttar, i tillegg til eit par av Sivert Holmen sine eigne improvisasjonar.

- Det har vore spelt lydarlæte i Valdres heilt sidan starten av 1800-talet – ein speltradisjon som var til lytting, lyding, ikkje til dans, seier Sivert. Dette var i ei tid då slåttespelet på hardingfele elles var knytt til dans eller seremoni. Lydarlætetradisjonen er ein distinkt lyttesituasjon frå før ein starta med konsertar på hardingfele.

Dette er musikk av ypparste klasse som du kan roe deg ned med i ein elles hektisk kvardag. Lydarlåttane insisterer på si langsomheit, noko som kan gi rom for ei heilt særeigen lytteoppleving.

- Låttane er for meg eit vitnesbyrd på at ein har teke lytting på alvor, eit medvit til kontemplasjon, viktigheita av å gje rom for melankoli, sår frå livet eller berre ein pause... og eg trur noko av grunnen til at eg er så glad i lydarlæte er at musikken nettopp opnar opp for lengre tankar, seier Sivert. Låttane går i eit roleg tempo, med plass til detaljar og musikalske omvegar, legg han til.

-Totalt har eg talt opp at vi har minst 47 lydarlåttar i Valdres, og på denne plata spelar eg 10 av desse, seier Sivert. I tillegg får vi høyre nokre ferespel, som fungerer som ein slags intro eller bru mellom låttane – ferespeltradisjonen er kjent i dei fleste hardingfeleområda.

“I lydarlæte” kjem ut digitalt 5. april og er fyrste del av det som kjem ut som eit dobbeltalbum på vinyl i juni 2024, “Stillheitas diskotek”. Utgjevinga i juni vil, i tillegg til dei tradisjonelle låttane, også innehalde nye rekomposisjonar av denne musikken. I “Stillheitas diskotek” tek Sivert oss med på ei reise gjennom subtil virtuositet, overskot og lydarlæte, i ei klang- og lytteverd for solo hardingfele.

Grafisk formgjeving: Eva Karlsson.
Foto: Anne Marte Før.


Metadata

Artist: Sivert Holmen
Albumtittel: I lydarlæte
Label: Melovitten
Type: Album, digitalt
Katalognr.: MV619A
Produsent: Sivert Holmen
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, desember 2023
Foto: Anne Marte Før
​Grafisk formgjeving digitalcover: Eva Karlsson
Grafisk formgjeving booklet: Melovitten
Medverkande: Sivert Holmen (hardingfele, hardanger d’amore)
Lansering album digitalt: 5. april 2024
Lansering album digitalt del to, og dobbelvinyl: “Stillheitas diskotek” 7. juni 2024

Foto: Anne Marte Før

Forrige
Forrige

Skurken på dansegolvet

Neste
Neste

Giftog vals (halling/vals)