Qvam/Plassen
Synnøve Brøndbo Plassen & Bendik Smedåsgjelten Qvam er i 2025 aktuelle med ny plata som folkemusikkduo.
Foto: Maja Skarpsno Slyngstad
Her ser du utgjevingane til Qvam/Plassen hjå Melovitten:
Qvam/Plassen er aktuelle med nytt album!
Med djupe røter i tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdalen og Trøndelag byr Qvam/Plassen inn til si debutplate som duo, ei folkemusikkplate i ny drakt, blanda av fengende riff, bukkehorn og folkesong.
Duoen består av Bendik Smedåsgjelten Qvam og Synnøve Brøndbo Plassen, to unge og ettertrakta folkemusikarar med bakgrunn frå både tradisjonsmusikk og andre sjangrar. Gjennom meir enn 10 år med samspel har dei utvikla ein unik spelestil med bukkehorn, lyre, gitar, seljefløyte og nyanserik vokal, og saman skapar dei eit lydbilde som er både nært og kraftfullt.
Musikken på plata består av slåtter, viser og ballader, arrangert i Qvam/Plassens særeigne uttrykk. Mykje av musikken går i moll, og har eit preg av både melankoli, håp og mørke. Livet i Nord-Østerdalen har historisk vore prega av mykje hardt arbeid og lange, kalde vintre. Kanskje gjenspeglast dette også i musikken?
Ved å kjøpe plata får du lese meir om kvar låt og prosessen bak prosjektet i eit hefte som kjem med CDen.