Odde & Holmen

Duoen Odde & Holmen består av Bjørn Kåre Odde (f. 1990) frå Vågå som spelar bratsj og fele og Sivert Holmen (f. 1992) frå Aurdal spelar hardingfele og Hardanger d’amore. Saman utforskar dei samspelet mellom bratsj og hardingfele. Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke.

Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes

Odde & Holmen har gjeve ut følgande produksjonar

Odde & Holmen: Føreferd
200,00 kr

Odde & Holmen - duoen med Bjørn Kåre Odde (33) frå Vågå og Sivert Holmen (31) frå Aurdal har gjeve ut sitt andre album, “Føreferd”. Musikken er deira eigne komposisjonar basert på hardingfelemusikk som sømløst blir sydd saman til ein heilskap med improvisasjonar og klangbaserte stykke. Det har ikkje vore spesielt vanleg å kombinere hardingfele med andre strykeinstrument, men duoen har sidan 2012 utforska korleis korleis ein kan utvikle potensialet til hardingfele i samspel.

Forrige
Forrige

Nortopia

Neste
Neste

Qvam/Plassen