Rakkarpakk

Rakkarpakk er ein kvedartrio som baserer seg på den vokale, norske tradisjonsmusikken i eit trestemt format. Med påverknad frå, og dyrking av medlemma si verksemd innan andre sjangrar som tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk og ensemblesong, skapast gruppa sitt unike uttrykk. Dei har spesialisert seg på konsertar i badstover og har no også spelt inn album i ei badstove, Kvadbad.

Gruppa består av:

  • Martin Steinum Brun, Vågå

  • Vera Sonne, Oslo

  • Victoria Oftestad, Oslo

Rakkarpakk er med i følgande produksjonar

Rakkarpakk: Kvadbad
200,00 kr

Vokaltrioen Rakkarpakk med sitt debutalbum “Kvadbad”. Albumet er spelt inn hjå Oslo badstuforening, og på plata får lyttaren bli med inn i det intime rommet med bølgeskvulp og knitring frå ovnen. Rakkarpakk formidlar leikande folkesong og forteljing i dette unike konsertlokalet.

Forrige
Forrige

Qvam/Plassen

Neste
Neste

Ronny Kjøsen