Stråk

Ny musikk frå Qvam/Plassen

Debutalbum til folkemusikkduoen lansert 9. mai 2025!

Med djupe røter i tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdalen og Trøndelag byr Qvam/Plassen inn til si debutplate som duo, ei folkemusikkplate i ny drakt, blanda av fengende riff på gitar, bukkehorn og folkesong. Duoen består av Bendik Smedåsgjelten Qvam frå Fåset og Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal, to unge og ettertrakta folkemusikarar med bakgrunn frå både tradisjonsmusikk og andre sjangrar. Gjennom meir enn 10 år med samspel har dei utvikla ein unik spelestil med bukkehorn, lyre, gitar, seljefløyte og nyanserik vokal, og saman skapar dei eit lydbilde som er både nært og kraftfullt.

I mars og april slapp dei to smakebitar på plata med singlane Sven Svane og Springar. Fredag 9. mai lanserast heile debutalbumet, som har fått namnet Stråk.

Musikken på plata består av slåtter, viser og ballader, arrangert i Qvam/Plassens særeigne uttrykk.

-Mykje av musikken går i moll, og har eit preg av både melankoli, håp og mørke. Livet i Nord-Østerdalen har historisk vore prega av mykje hardt arbeid og lange, kalde vintre. Vi trur at dette kan gjenspeglast også i musikken, seier Synnøve.

Synnøve og Bendik møttes allereie i 2012 på musikklinja på Nord-Østerdal vidaregåande skule. Siden den gang har dei spelt saman i mange ulike sjangre, og etter kvart utvikla dei begge den store interessa for tradisjonsmusikken frå Nord-Østerdal og Trøndelag.

-Gjennom dei siste 10 åra har vi opparbeidd oss eit mangfaldig repertoar av arrangert folkemusikk frå begge våre heimtrakter, fortel Bendik.

No har dei endeleg fått lydfesta det dei har jobba med i så mange år. Albumet gjenspegler på mange vis Synnøve og Bendik si oppdaging og reise i folkemusikken.

Musikken på albumet Stråk skildrar mange deler av livet slik det var i Nord-Østerdalen og Trøndelag; Om harde arbeidskår, om ung kjærleik som kan vere både vidunderleg og smertefull, og om folkets evige behov for musikk og dans for å gløyme kvardagens slit. Tittelen Stråk betyr vei, strøk for gjennomfart eller passasje. Nord-Østerdalen og Trøndelag har alltid vore ei viktig gjennomfartsåre, og saman med dei som har vandra gjennom desse dalføra, fulgte også musikken med.

Albumet Stråk er tilgjengeleg digitalt og som fysisk CD frå 9. mai, og gis ut på plateselskapet Melovitten. Publikum kan sjå fram til ei rekkje konsertar i samband med platesleppet, der duoen tek med seg den rike folkemusikkarven ut på vegen.


Metadata

Artist: Qvam/Plassen
Bendik Smedåsgjelten Qvam (f. 1996 frå Fåset i Tynset), sang, gitar, bukkehorn og seljefløyte.
Synnøve Brøndbo Plassen (f. 1996 frå Folldal), sang, gitar og lyre.
Albumtittel: Stråk.
Produsent: Qvam/Plassen.
Innspilling og miksing: Jo Ranheim, Øra studio.
Mastering: Karl Klaseie, Øra Mastering.
Innspilt: Øra Studio, oktober 2024.
Foto: Maja Skarpsno/Gullfaxi.
Grafisk formgiving: Espen Liland.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV628.
Lansering singler: Sven Svane 14. mars & Springar 18. april.
Lansering album: Fysisk CD-slepp på Riksscenen i Oslo 24. april + digital lansering 9. mai.

Turnéplan Qvam/Plassen

  • 23. april - Hemom, Engerdal

  • 24. april - Riksscenen, Oslo

  • 7. mai - Antikvariatet, Trondheim

  • 9. mai - Kulturuthuset, Lillehammer

  • 10. mai - Agatunet, Ullensvang

  • 11. mai - Jensbua, Dale/Flekke

  • 12. mai - Columbi Egg, Bergen

  • 15. mai - Tante Gerdas scene, Hamar

  • 16. mai - Vingelen kirke- og skolemuseum

  • 19. mai - Tynset Bygdemuseum

  • 5. juni - Røros Folk Festival

  • 23. juli - Solliaysteriet, Sollia

  • 7. august – Eysteinkirka, Hjerkinn

Forrige
Forrige

Rop / Holsen

Neste
Neste

Alumni