Nortopia

For et utrolig samspill! Trioen er en ekte perle i folkemusikkverdenen. De balanserer presist mellom det delikate og det kraftfulle, lytter til hverandre og lar solisten i hver komme fram. Med sine friske melodier og musikalske humor får de dansefoten til å våkne.” - Eli Storbekken, heidersmedlem i FolkOrg

Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele/hårdingfele, og Kristian Wolski på cittern, inviterer Nortopia publikum inn i ei verd der vakre og fengande melodiar møtest i delikat samspel. Trioen hår utvikla ein særeigen musikalsk stil som bade gir på fyll og senker skuldrane til lyttaren.

Tradisjonsmateriale fra Vestlandet ligg Nortopia sitt hjarte nær, og utgjer utspringet for deira musikalske uttrykk. Velkomen inn, kom som du er!

Medlemmer:

  • Johanne Løkensgard Mjøs (f. 1990) Åsane - hardingfele/fele

  • Ingrid Standal Sørheim (f. 1996) Norheimsund/Voss - durspel

  • Kristian Wolski (f. 1987) Danmark/Arvika, Sverige - cittern

Produksjonar frå Nortopia

Nortopia (CD)
200,00 kr

Den nye folkemusikktrioen Nortopia slepper sitt første album 9. januar 2026 på plateselskapet Melovitten. Albumet samlar 13 tradisjonelle slåttar frå Vestlandet, med hovudvekt på Hardanger og Voss, og markerer eit nytt og friskt pust i norsk folkemusikk.

Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele og hardingfele, og Kristian Wolski på cittern, har trioen utvikla eit varmt og særmerkt uttrykk som både tek vare på tradisjonen og peikar framover. Musikken er rik på klang, rytme og nærleik – der gamle slåttar får nytt liv i eit moderne, lyrisk og leikent samspel.

- Me har teke i bruk tradisjonsmateriale frå Vestlandet fordi det ligg oss nært – både musikalsk og personleg. Dette er det musikalske landskapet me kjem frå, og som inspirerer oss mest, fortel Johanne Løkensgard Mjøs.

Forrige
Forrige

Martin Follstad & Olav Kjernmoen

Neste
Neste

Odde & Holmen