Tverrsnitt

Felespelar Øyvind Smidt er musikar på heiltid og spelar mykje med artistar som Kurt Nilsen, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland. Smidt er ein ettertrakta bandmusikar, men i fleire år har han hatt ein draum om å realisere eit soloprosjekt. No er draumen realisert, og 22. desember lanserast Smidt sitt soloalbum “Tverrsnitt”.

- Eg hadde eit ønske om å lage eit album på same måte som då eg før lekte meg med idéar i mitt eige heimestudio. Eg spelar alle instrument sjølv og legg lag på lag. Intuisjon og det å vere i augeblikket er en viktig del av innspelinga, uten at arrangementa nødvendigvis er nøye planlagt, fortel artist Øyvind Smidt.

Smidt legg til at det å jobbe kreativt med eigen musikk er særs givande, særleg når han mykje av tida jobbar i lag med andre artister som bandmusikar.

Smidt har vore både produsent, utøvar og stått for sjølve innspelinga av si eiga plate. Han spelar fele, bratsj, mandolin, gitar og banjo i samspel med seg sjølv.

Plata fekk namnet «Tverrsnitt» då albumet viser eit tverrsnitt av folkemusikken frå Noreg, Sverige, Irland og USA, musikalske røter Smidt set høgt. Ein del av musikken er tradisjonsmusikk medan noko er eigenkomponert eller andres komposisjonar. Alt er i mine auge folkemusikk, presiserer Smidt.

Fredag 15. desember lanserast ein musikkvideo med ein av låtane frå plata - Krokstubben.

- «Krokstubben» er ein springleik eg har laga, med inspirasjon frå tradisjonelle springleikar frå heimbygda Heidal, seier Smidt. Han fortel at «Krokstubben» er namnet på vegen inn til hytta til familien på Heidalsfjellet. Springleiken er også ein krokete liten stubb i seg sjølv.


Metadata

Artist: Øyvind Smidt
Albumtittel: Tverrsnitt
Label
: Melovitten
Type
: Album, digital CD
Katalognr.: MV614
Produsent: Øyvind Smidt
Innspelt: Strykeriet studio v/ Øyvind Smidt, Trondheim
Miksing: 
Larsville v/ Lars Lien, Tydal
​Mastering:
Bob Katz, USA
Foto:
Ole Ekker
Medverkande: Øyvind Smidt (fele, bratsj, mandolin, gitar, banjo, vokal)
Lansering album digitalt:
 22. desember 2023
Tidlegare lanserte singlar:
“Heavy Halling” 3. juni 2022 og “Väsen” 8. september 2023

Forrige
Forrige

Kvadbad

Neste
Neste

Føreferd