Kvadbad

Folkemusikktrioen Rakkarpakk lanserer sitt debutalbum “Kvadbad”, på plateselskapet Melovitten 16. februar 2024.

Den Oslo- og Vågå-baserte kvedartrioen har utvikla eit nytt konsept der badstova er konsertarena, og no også innspelingslokale. Etter eit par år med sin eigen konsertserie, Kvadbad, vart det ei sjølvfølge for gruppa at debutplata også skulle foregå i badstova, og naturleg nok fekk plata namnet sitt frå konsertserien med same namn.

Deira debutalbum er spelt inn hjå Oslo badstuforening, og på plata får lyttaren bli med inn i det intime rommet med bølgeskvulp og knitring frå ovnen. Rakkarpakk formidlar leikande folkesong og forteljing i dette unike konsertlokalet.

- Vi møter folk i det nære, varme og leikande der ein sentral del av konsert- og lytteopplevinga byr på bading, sveitting, skratting og songar tett på vårt publikum, fortel Martin Steinum Brun.

Musikalsk baserer Rakkarpakk seg på den norske vokale tradisjonsmusikken og kler den i ny trestemt drakt. Arrangementa er prega av ulike stiluttrykk med bakgrunn i improvisert musikk, tidlegmusikk og ensemblesong. Gruppa står for omlag alle arrangement sjølve.

Sommaren 2023 vann gruppa Landskappleiken (NM i folkemusikk) i åpen klasse. Dei tre rakkarane, Vera Sonne, Victoria Oftestad og Martin Steinum Brun har også vore på fjellturné i Jotunheimen, der dei fekk reindyrke konsertopplevingar som kjem tett på publikum og som visker ut linjene mellom publikum og utøvar.

Plata “Kvadbad” lanserast digitalt og fysisk fredag 16. februar 2024 med platesleppkonsert i Oslo badstuforening, der plata vart spelt inn. Rakkarpakk har platesleppkonsertar i Trondheim og Vågå i tillegg til fleire i Oslo.


Metadata

Artist: Rakkarpakk
Albumtittel: Kvadbad
Label
: Melovitten
Type
: Album, CD
Katalognr.: MV615
Produsent: Ståle Ytterli
Innspelt: Albatrossen på Oslo Badstuforening, august 2023
Innspeling, miksing og mastering: 
Audun Strype
Grafisk formgjeving: Vera Sonne
Foto: Isa Holmgren
Medverkande: Martin Steinum Brun (vokal), Vera Sonne (vokal), Victoria Oftestad (vokal)
Lansering album:
 16. februar 2024

Platesleppturné

  • Sleppkonsert hjå Oslo badstuforening.

    Meir info kjem.

  • Denne dagen blir det to barnekonsertar på bibliotek i Trondheim.

    Meir info kjem.

  • Konsert i badstova HAVET i Trondheim

    Meir info kjem.

  • Konsert i badstova i Vågå og i Ullinsvin.

    Meir info kjem.

  • Konsert på Folk på Torsdag hjå Riksscenen i Oslo.

    Les meir og ting billett her.


Kjøp plata her:

Rakkarpakk: Kvadbad
kr 200,00
Antall:
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Masurka ette’ a Tore Lykkjen

Neste
Neste

Tverrsnitt