Nortopia
Nortopia - Energisk og lyrisk folkemusikk frå Vestlandet
Den nye folkemusikktrioen Nortopia slepper sitt første album 9. januar 2026 på plateselskapet Melovitten.
Debutalbumet samlar 13 tradisjonelle slåttar frå Vestlandet, med hovudvekt på Hardanger og Voss, og markerer eit nytt og friskt pust i norsk folkemusikk.
Med Ingrid Sørheim på durspel, Johanne Mjøs på fele og hardingfele, og Kristian Wolski på cittern, har trioen utvikla eit varmt og særmerkt uttrykk som både tek vare på tradisjonen og peikar framover. Musikken er rik på klang, rytme og nærleik – der gamle slåttar får nytt liv i eit moderne, lyrisk og leikent samspel.
- Me har teke i bruk tradisjonsmateriale frå Vestlandet fordi det ligg oss nært – både musikalsk og personleg. Dette er det musikalske landskapet me kjem frå, og som inspirerer oss mest, fortel Johanne Løkensgard Mjøs.
Saman har dei utvikla ein forfriskande og moderne lydprofil, der dei leikar med instrumenta sine roller og byggjer bru mellom den norske hardingfele- og toradartradisjonen.
– Me vil gjera musikken levande for dagens lyttarar – utan å miste sjela i tradisjonen. Musikken vår handlar om energi, nærleik og samklang, Det er ekstra kjekt viss me inspirerer til meir samspel mellom hardingfele og durspel, seier Ingrid Standal Sørheim.
Tidlegare i 2025 har Nortopia gitt ut singlane “Kari Selland – springar av Halvor Sørsdal”, “Fjellmannjenta – rull etter Anders Kjerland” og “Hallingkule etter Eldegard og Nedrelid”, alle med røter i Hardanger-tradisjonen. Desse låtane har fått varm mottaking frå både publikum og kollegaer i folkemusikkmiljøet.
Folkemusikar Gabriel Fliflet har kalla trioen “eit nytt stjerneskot i folkemusikkverda – dei speler saman som om dei har gjort det eit halvt liv allereie”.
Eli Storbekken, heidersmedlem i FolkOrg, meiner Nortopia “balanserer presist mellom det delikate og det kraftfulle, med eit samspel som får dansefoten til å vakne”.
Repertoaret på plata er bygdedans med innslag av runddans. Resultatet er eit album som både rører, inspirerer og gjev nytt liv til ein sterk vestlandstradisjon, med mål om, som dei sjølve seier, “to make rull and vestlandsspringar great again”.
Nortopia sin visjon er å revitalisera tradisjonsmusikken og gjera han tilgjengeleg for eit breitt publikum gjennom eit lyrisk og tett samspel og moderne arrangement. Dei ynskjer også at albumet kan gje inspirasjon til den yngre generasjonen toradar- og hardingfelespelarar til å forma band og grupper og utforska tradisjonsmusikken i samspel. Prosjektet løftar fram verdien av dei små, korte slåttane frå Hardanger der sjela i musikken er sterkt til stades.
Albumet lanserast på plateselskapet Melovitten 9. januar, både med fysisk CD og LP.
Det blir mellom anna platesleppkonsert i Bergen 26. januar og Voss 27. januar.
Artist: Nortopia
Johanne Løkensgard Mjøs (f. 1990) Åsane - hardingfele/fele
Ingrid Standal Sørheim (f. 1996) Norheimsund/Voss - durspel
Kristian Wolski (f. 1987) Danmark/Arvika, Sverige - cittern
Albumtittel: Nortopia
Singel 1: Kari Selland, springar av Halvor Sørsdal.
Singel 2: Fjellmannjenta, rull etter Anders Kjerland.
Singel 3: Hallingkule etter Eldegaard og Nedrelid
Produsent: Nortopia.
Innspeling/opptak: Tor Magne Hallibakken
Miksing og mastering: Petter Ferneman
Innspilt: Hallibakken lydstudio, Nesbyen, 17.-21. september 2025
Foto: Henrik Johansson Kull
Grafisk formgiving: Espen Gumpen og Mette Vårdal, Kultivator
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV632
Lansering album: Fredag 9. januar 2026
Format: Digitalt, fysisk CD og vinyl
Nortopia i sosiale medier:
www.nortopia.no
Facebook
Instagram