Cover: Kultivator, Mette Vårdal

Runddansmusikk frå Nordvestlandet

Runddansmusikk frå Nordfjord og Møre og Romsdal blir lyfta fram på ei ny plate med fem høgt akta folkemusikarar.

Albumet “Hivaren” er eit resultat av eit prosjektorkester som har leita fram, lydfesta og no vil syne fram musikk frå den rike nordvestlandske runddanstradisjonen. Her finn vi musikk henta frå kjelder som Hans H. Gjeitvik, Per Bolstad, Peter L. Rypdal og fleire.

Prosjektgruppa består av Marius Berglund og Kristina Farstad Bjørdal - begge på trekkspel; Åsmund Arnesen Farstad på fele; Frode Slupphaug på kontrabass og Kjartan Haugen Foss på gitar. Jorun Marie Kvernberg har produsert plata.

- Vi spelar både den klassiskinspirerte dansemusikken som ein finn att i Per Bolstad og Hans H. Gjeitvik sine komposisjonar, men også runddansen som bygdefolket for lenge sidan tok til seg og nytta: Dei gamle slåttane som vi finn i repertoaret til t.d. Magne Maurset og Vika-Petter, kan Marius Berglund fortelja. Marius har vore ein av pådrivarane for å få til dette prosjektet.

Tradisjonen på Nordvestlandet har ei lang historie og musikken har fått impulsar frå fjern og nær. Gjennom fjordarmane, kysten og over fjella har musikken vandra, bytt hender, tatt ny karakter og blitt forma.

Namnet Hivaren er brukt på opningssporet. På Fjelli i Nordfjord bruka dei dette namnet på slåtten då det var “Ein hivar av ein slått”, altså ein som var ekstra god.

Plata blir lansert 19. juni 2026 og er gjeve ut av plateselskapet Melovitten.



Metadata

Artist: Marius Berglund (trekkspel), Åsmund Arnesen Farstad (fele), Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel), Frode Slupphaug (kontrabass) og Kjartan Haugen Foss (gitar). Gjesteartist: Jorun Marie Kvernberg (fele).
Albumtittel: Hivaren
Label
: Melovitten
Type:
Album
Katalognr.:
MV643
​Produsent:
Jorun Marie Kvernberg
Innspelt: 5.-9. januar 2026, Hallibakken lydproduksjon
Innspeling, miks, mastering: Tor Magne Hallibakken
Foto: Kulturfotografen AS, Thor Hauknes
Grafisk design: Kultivator, Mette Vårdal
Lansering album: 19. juni 2026
Lansering singel: 1. mai 2026

F.v. bak: Kjartan Haugen Foss, Kristina Farstad Bjørdal, Frode Slupphaug.
F.v. foran: Åsmund Arnesen Farstad, Jorun Marie Kvernberg (produsent/gjesteartist), Marius Berglund.

Hivaren
200,00 kr

Hivaren – Runddans frå Nordvestlandet løfter fram eit rikt repertoar av slåttar frå Møre og Romsdal og Nordfjord. Her finn vi musikk med røter i lokale tradisjonar, henta frå kjelder som Hans H. Gjeitvik, Per Bolstad, Peter L. Rypdal og fleire. Albumet rommar slåttar med driv og speleglede, og syner breidda i runddanstradisjonane frå Nordvestlandet.


Neste
Neste

Kvåvne