Ettsleppen

Cover: Melovitten

Runddansmusikk frå Ottadalen

Duoen har til saman nær 100 års fartstid som spelmenn. På den nye plata «Ettsleppen» løftar Leif Inge Schjølberg og Dag Gården fram både nytt og gamalt repertoar, arrangert for fele og trekkspel.

Leif Inge Schjølberg og Dag Gården har vore aktive i folkemusikkmiljøet i Ottadalen i fleire tiår. Og det er her musikken på plata er henta frå.

- Vi har vald ut slåttar etter sentrale tradisjonsberarar frå dalføret vårt. Vi kan nemne Kristen Vang, Rikkar Skjelkvåle, Petter Eide, Pål Skogum og Kristian Gården. Men brorparten av repertoaret har vi nok laga sjølv, fortel trekkspelar Dag Gården. – I tradisjonell stil, riktig nok, legg han til.

Gjennom mange år har Gården arbeidd med å arrangere folkemusikk for fele og trekkspel, noko som pregar uttrykket på plata. Repertoaret spenner frå bygdedansmusikk til runddansmusikk.

- Vi har prøvd å setje saman ei variert plate med både polka, lyarslåttar og fleire andre slåttetypar, seier Leif Inge Schjølberg..

Schjølberg har i ei årrekkje vore aktiv som dansespelemann, særleg gjennom samarbeid med Visdals kvintett. Under Landsfestivalen i gammaldansmusikk, som er på heimebane i Vågå i år, skal Leif Inge mellom anna leie Vågå spelmannslag i tevling.

Men før det, torsdag 30. juli, inviterer duoen til lanseringskonsert på Sve.

«Ettsleppen» blir i første omgang gjeven ut på CD. 7. august kjem plata også på dei digitale strøymetenestene.

Produksjonen blir gjeve ut på det vågåbaserte plateselskapet Melovitten.


Metadata

Artist: Leif Inge Schjølberg (fele) og Dag Gården (trekkspel)
Albumtittel: Ettsleppen
Label
: Melovitten
Type:
Album
Katalognr.:
MV645
​Produsent/edit/innspeling:
Bjørn Kåre Odde
Innspelt: Melovitten sine lokaler i Vågå, vinter og vår 2026
Miks og mastering: Tor Magne Hallibakken
Foto: Ketil Sandviken
Grafisk design: Melovitten
Lansering album: Digitalt 7. august 2026, fysisk 30. juli 2026
Lansering singel: “Magnhild” 17. juli 2026

Foto: Ketil Sandviken

Schjølberg & Gården: Ettsleppen
200,00 kr

Leif Inge Schjølberg (fele) og Dag Gården (trekkspel) er godt forankra i folkemusikktradisjonen i Ottadalen, og begge har om lag 50 års fartstid som spelemenn.

På “Ettsleppen” spelar Leif Inge og Dag slåttar etter sentrale tradisjonsberarar frå Ottadalen, mellom andre Kristen Vang, Rikkar Skjelkvåle, Petter Eide, Pål Skogum og Kristian Gården. I tillegg framfører dei eigenkomponert materiale i tradisjonell stil.


Forrige
Forrige

Læt te dans

Neste
Neste

Hivaren