Solveig Brekke Hauknes

Folkedansar, instruktør, produsent, prosjektleiar, rådgjevar og hardingfelespelar

Om Solveig

Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa stort sett heile livet. Ho har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å dykke ned i dei små detaljane i lag med andre. Ho har særskilt god kompetanse om runddans/gamaldans og pols, men underviser også i andre tradisjonsdansar. Solveig har holdt ei rekke kurs for nybyrjarar, godt erfarne dansarar og for både unge og eldre. 

Solveig har folkedansutdanning frå NTNU med faga "Tradisjonskunnskap og tradisjonspraksis" og "Norsk folkeleg dans". I tillegg er ho utdanna som prosjektleiar innan kunst og kreativ næring. 

Solveig er A-klassedansar på kappleik og har vunne Dans Fele A fleire gonger. Ho har også fleire sigarar i pardans senior på Landsfestivalen.

No jobbar Solveig som folkedansrådgjevar i organisasjonen Noregs Ungdomslag. Ho er også medeigar og produsent i Melovitten, eit plateselskap og kulturproduksjonsselskap som ho driv i lag med ektemann Bjørn Kåre Odde.
Solveig er også utøvar på hardingfele og arrangør av festivalar og konsertar.

Festival- og konsertarrangør

Rådgjevar

Folkedansinstruktør

Kontakt Solveig

Solveig Brekke Hauknes (f. 1993)
Frå Bærum, busett i Vågå

Mail: solveig@melovitten.no
Telefon: +47 473 98 764

Sjå og høyr Solveig

Her kan du sjå Solveig danse og spele på YouTube.