Tryllespel
Cover: Eva Karlsson
Tryllespel - ny musikk frå Gro Marie Svidal
Mi mest personlege utgjeving nokon gong.
Med folkemusikalsk individualitet og personleg identitet. Gro Marie Svidal sitt nye soloalbum, Tryllespel, kryssar estetikkar og set hardingfela inn i nye kontekstar.
Som hardingfelespelar med bakgrunn frå hardingfeletradisjonen på Vestlandet, har Svidal kjent på eit ønskje om å utvide fortolkingsrom, lytterom og eige spelerom, samt i større utstrekning inkludere improvisasjon som metode i spele sitt.
- Eg har søkt etter å sameine tradisjonen, instrumentet, eigen estetikk og musikalitet. Eg har leita etter materiale, haldningar og metodar som kan gje den improviserte musikken ein folkemusikalsk individualitet og samstundes ein personleg identitet der nye lyttemåtar og opplevingar av instrumentet kan få plass. Nøkkelen for meg har vore å ta utgangspunkt i dei improviserte førespela på hardingfele.
Det meste av musikken på albumet er forankra i tankesettet vi finn i dei improviserte førespela. Når felespelaren stemmer fela, søkjer hen etter resonans og overtonar gjennom korte improviserte førespel. Dette for å sjekke om fela er godt stemt. Det er ein nesten skjult improvisasjonspraksis som gjev fleire inngangar til korleis improvisasjon kan utfalde seg på instrumentet også i andre samanhengar.
«Tryllespel» er eit dobbelt album der dei to platene har noko ulike fokus. Dei kan også sjåast på som ei reise frå ein estetikk over i ein anna.
- På den første plata har eg sett saman eit utval tradisjonelle førespel med eigne improviserte førespel som har i seg leitinga i instrumentet, leiken med overtonane, det opne og ufullenda som eg opplever kjenneteiknar dei tradisjonelle førespela, men som på same tid er fullenda og står stødig aleine. På den andre plata er det mi eiga nyfikenheit til kva lydar som ligg gøymt i hardingfela og korleis eg kan dvele og forme desse lydane, sakte endre, forme og utvikle dei. Denne estetikken skil seg frå estetikken vi finn i til dømes dei tradisjonelle slåttane. For mange som kjenner det tradisjonelle slåttespelet godt, er nok dette eit stort steg inn i ein ny estetikk og ein annan måte å lytte på.
Tittelen «Tryllespel» er henta frå Jølster i Sunnfjord, der Gro Marie kjem frå. Tryllespel er eitt av fleire eldre orda for førespel og siktar til korleis førespelet kunna fortrolle lyttaren.
- Eg er fasinert over korleis musikk kan vekke kjensler, eller fysisk røre ved oss. Som når ein dissonans slår mot øyret vårt og vi kjenner slaget, eller når noko vekker rastlausheit eller ubehag. Det utfordrar oss som lyttarar, og det utvidar horisonten vår.
I juli vert heile det kunstnarlege resultatet frå prosjektet lansert som dobbel solo-CD på plateselskapet Melovitten 4. juli, og med plateslepp på Førdefestivalen 3. juli.
Metadata
Artist: Gro Marie Svidal (f. 1980)
Albumtittel: Tryllespel.
Produsent: Lene Grenager og Gro Marie Svidal.
Innspilling, miksing og mastering: Fridtjof Lindemann.
Innspilt: Voksen Kapell, sept 2024 og jan 2025.
Foto cover: Knut Utler.
Foto pressefoto: Roger Andre Vie Hansen
Grafisk formgiving: Eva Karlsson.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV634.
Lansering singler: Rop / Holsen 14. mai.
Lansering album: Fysisk CD-slepp på Førdefestivalen 3. juli + digital lansering 4. juli.
Gro Marie Svidal er den fyrste utøvaren på hardingfele til å gjennomføre ein doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid. Albumet «Tryllespel» er del av det kunstnarlege resultatet frå prosjektet.
Foto: Roger Andre Vie Hansen