Gro Marie Svidal: Tryllespel

250,00 kr

Dobbel-CD med hardingfelespelar Gro Marie Svidal.

Mi mest personlege utgjeving!

- På den første plata har eg sett saman eit utval tradisjonelle førespel med eigne improviserte førespel som har i seg leitinga i instrumentet, leiken med overtonane, det opne og ufullenda som eg opplever kjenneteiknar dei tradisjonelle førespela, men som på same tid er fullenda og står stødig aleine. På den andre plata er det mi eiga nyfikenheit til kva lydar som ligg gøymt i hardingfela og korleis eg kan dvele og forme desse lydane, sakte endre, forme og utvikle dei. Denne estetikken skil seg frå estetikken vi finn i til dømes dei tradisjonelle slåttane. For mange som kjenner det tradisjonelle slåttespelet godt, er nok dette eit stort steg inn i ein ny estetikk og ein annan måte å lytte på.

Artist: Gro Marie Svidal (f. 1980)
Albumtittel: Tryllespel.
Produsent: Lene Grenager og Gro Marie Svidal.
Innspilling, miksing og mastering: Fridtjof Lindemann.
Innspilt: Voksen Kapell, sept 2024 og jan 2025.
Foto cover: Knut Utler.
Foto pressefoto: Roger Andre Vie Hansen
Grafisk formgiving: Eva Karlsson.
Plateselskap: Melovitten.
Katalognummer: MV634.
Lansering fysisk CD: Torsdag 3. juli 2025
Lansering digitalt: Fredag 4. juli 2025

Sporliste

Plate 1:

  1. Rop

  2. Melankolsk

  3. Holsen

  4. Strengespinn

  5. Brendehaug

  6. Espeset

  7. Halveg

  8. Annsemd

  9. Grimsgard

  10. Rekve

  11. Langsamt skimmer

  12. Selland

  13. Vårbrott

  14. Dagning

  15. Slettemark

  16. Endelaus

Plate 2:

  1. På sordin

  2. Gnurk knitre

  3. Streng og pinne

  4. Bak stolen

  5. Bortanfor

  6. Under streng

  7. Under streng II

  8. Tog og fløytesongen

  9. Kort melodi

  10. Ope

  11. Streng og pinne II