Sindre & Co
Sindre & Co lanserer sitt debutalbum!
Etter mange år med samspel, slåttar og speleglede, er gammaldansgruppa Sindre & Co endeleg klare med sitt aller fyrste album. Plata vert lansert under Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal fredag 1. august, og markerer eit nytt kapittel for den musikalske toradargjengen frå Osterøy.
Gruppa vart danna i 2014, men dei fem musikarane har kjent kvarandre mykje lenger enn det. Med sterke band til både runddans- og bygdedanstradisjonen, har dei bygd opp eit uttrykk som er både samspelt og særprega – og ikkje minst prega av spelarglede, overskot og solid handverk. No vil dei formidle musikken ut til både dansarar og eit lyttande publikum.
Sindre & Co består av Sindre Fotland, Andreas Kollvangsnes, Kristoffer Kleiveland, Tormod Kleiveland og Vegard Hansen – alle namn med god klang i folkemusikkmiljøet. Kvar for seg og saman har dei gjort seg bemerka som dyktige utøvarar, arrangørar og formidlarar, og har erfaring frå alt frå kappleiksscener og dansegolv til festivalar og innspelingar.
– Dette har vore eit ynskje i mange år, og no kjende me at tida var inne. Me ville fange noko av det me har hatt så mykje glede av sjølve, og dele det vidare med andre, seier frontfigur i gruppa Sindre Fotland.
Inspirasjon frå gamle kjelder
Musikken på plata spenner vidt: Her finn du gamle skattar frå kjende tradisjonsberarar som Sigbjørn Bernhoft Osa, Ola Mosafinn og Finn Vabø, i tillegg til nyskrive musikk frå gruppa sjølv. Fleire av låtane har vore i bruk gjennom mange år – no har dei endeleg fått samla materialet på plate.
– Me har alltid vore nysgjerrige, og det synest i utvalet. Me hentar mykje frå vestlandstradisjonen, men me har også titta austover. Alt er fargelagt av vårt eige uttrykk, og me arrangerer alltid i lag – det er viktig for oss, fortel Kristoffer Kleiveland.
Plata vart spelt inn hjå Tor Magne Hallibakken i haust, og gruppa fortel om ei effektiv og inspirerande helg: – Når ein jobbar med folk som forstår kva du meiner før du er ferdig å forklare, då går det meste på skinner. Det var berre å spele på, seier Andreas Kollvangsnes.
Resultatet er eit album som byr på både dansande driv, ro og rytme. Her er leikande melodiar, lune vendingar og samspel som gjer at ein stadig oppdagar nye detaljar. Frå det dansande og energiske – til det meir ettertenksame og lyriske – her er noko for både øyra og beina, kan produsent Baste Antun fortelje.
Lanserast på Landsfestivalen
Fredag 1. august slepp Sindre & Co plata under Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal, ein møteplass dei sjølve har hatt stor glede av opp gjennom åra. – Det kjennest rett å lansere der, midt i folkemusikkens hjarta, blant gamle og nye vener, seier Vegard Hansen.
Metadata
Artist: Sindre & Co
Albumtittel: Sindre & Co
Label: Melovitten
Type: Album, CD
Katalognr.: MV635
Produsent: Baste Antun
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, novemver 2024
Grafisk formgjeving: Solveig Brekke Hauknes, Melovitten
Foto: Thor Brødreskift
Lansering album: 1. august 2025
Medverkande: Sindre Fotland (torader), Kristoffer Kleiveland (torader, kontrabass), Andreas Kollvangsnes (torader), Tormod Kleiveland (gitar), Vegard Hansen (trekkspel, kontrabass)
Lansering singel “Handlarnds vals”: 25. juli 2025
Lansering singel “Radarparet”: 11. juli 2025