Sindre & Co

200,00 kr

Sindre & Co med debutplate sommaren 2025

Folkemusikkgruppa Sindre & Co frå toradarøya Osterøy serverer drivande dansemusikk og lyriske tonar med røter i vestnorsk tradisjon. Med inspirasjon frå kjende namn som Osa, Mosafinn og Vabø, og med eigne slåttar og arrangement, skapar dei eit uttrykk som er både jordnært og nyskapande. Med sitt debutalbum byr dei på spelarglede, dansedriv og eit ønske om å nå ut til både lyttarar og dansarar. Dette er ei plate som famnar vidt – frå det ettertenksame til det sprudlande.

Artist: Sindre & Co
Albumtittel: Sindre & Co
Label
: Melovitten
Type:
Album, CD
Katalognr.:
MV635
​Produsent:
Baste Antun
​Innspeling, miksing og mastering:
Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallingdal, novemver 2024
​Grafisk formgjeving
: Solveig Brekke Hauknes, Melovitten
Foto: Thor Brødreskift
Lansering album
: 1. august 2025
Medverkande
: Sindre Fotland (torader), Kristoffer Kleiveland (torader, kontrabass), Andreas Kollvangsnes (torader), Tormod Kleiveland (gitar), Vegard Hansen (trekkspel, kontrabass)

Sporliste

  1. Skotsk etter Ole Heggdal

  2. Isfjordingen, reinlender av Ole Wenge

  3. Lengselsvals av Severin Jevnager

  4. Absolutt sjøgl av Magne Kleiveland og Jon Jelmert

  5. Rallarreinlender etter Sigbjørn B. Osa

  6. Meistervalsen av Per Bolstad

  7. Hostekula, polka av Jørn Kjetil Solbakken og Steinar Odde

  8. Polka med støyt etter Finn Vabø

  9. Trekløveret, reinlender av Andreas Kollvangsnes

  10. Håndjager’n, polka av Eddy Lyshaug

  11. Handlarns vals av Jonas Åkerlund

  12. Silja, lyarslått av Sindre Fotland

  13. Hamborgar etter Ola Mosafinn

  14. Kokk-Sofia, pols etter Ane Sofie Engesvold

  15. Radarparet, polka av Andreas Kollvangsnes