Wensaas/Odde
Folkemusikkduoen Wensaas/Odde består av Espen Wensaas på gitarer og Bjørn Kåre Odde på fele/bratsj. Dei spelar tradisjonelle slåttar frå Gudbrandsdalen.
Foto: Stine Østby
Wensaas/Odde er aktuelle med følgande utgjevingar på Melovitten:
Espen Wensaas & Bjørn Kåre Odde: Lilleslåtter 2
200,00 kr
Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde er aktuelle med nytt album!
Duoen har spesialisert seg på folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Springleikar, salmetonar, runddans og hallingar for gitarer og fele/bratsj. Dei har tidlegare gjeve ut plata “Lilleslåtter”, og 4. april 2025 kjem deira andre plate.
Dei to veletablerte folkemusikarane fylgjer opp utgjevinga Lilleslåtter frå 2022. Duoen har jobba i fleire år med å raffinere og utvikle samspelet mellom fele og gitar. Og ikkje minst har dei saumfara utvalde notekjelder for å finne slåttar som passar inn i konseptet: korte, men innhaldsrike melodiar.
Heile 19 slike slåttar blir presentert på Lilleslåtter 2 som lanserast 4. april.
Ved å kjøpe plata får du lese meir om kvar låt og prosessen bak prosjektet i eit hefte som kjem med CDen.