Cover: KulFilm, Mette Vårdal
Bølingen Allstars gir nytt liv til gløymde danseslåttar frå Akershus
Ein nesten gløymd musikktradisjon får nytt liv når Bølingen Allstars løftar fram gamle feleslåttar frå Akershus. Med unge musikarar, leikent samspel og nye arrangement får tradisjonsmusikken eit friskt og levande uttrykk.
Det ungdommelege ensemblet Bølingen Allstars har dykka ned i den rike, men lite kjende folkemusikkarven frå Akershus og funne fram melodiar som dei no presenterer på sitt debutalbum. 20. november lanserast albumet «Bølingen: Feleslåtter fra Akershus».
Under kunstnarleg leiing av felespelar Marianne Tomasgård har ensemblet arbeidd med både gamle og nye kjelder og slåttar frå 1800-talet fram til i dag. Mykje av denne musikken har i liten grad vore framført i nyare tid, og fleire av slåttane har ikkje vore spelt inn før. Albumet byr på både hallingar, springdansar og runddansar. Slåttane er henta frå arkivet til Akershus musikkråd, der Marianne jobbar som folkemusikk-konsulent i Akershus og der Bølingen har vore eit viktig satsingsområde sidan 2018.
For Marianne Tomasgård er arbeidet med plata også ei personleg historie. Ho vaks opp med musikk, song og dans med faren Ellev Tomasgård som ei sentral drivkraft. Han tok initiativ til å stifte Nannestad spelemannslag tidleg på 1970-talet og la grunnlaget for eit levande folkemusikkmiljø som Marianne sjølv vart ein del av.
– Eg er utruleg takksam for at eg gjennom fleire år har kunna byggje opp eit solid repertoar saman med Bølingen, som no er lydfesta på denne plata. Ein rik musikkarv er dermed gitt vidare til yngre krefter som er i ferd med å fly ut for å skape sine eigne musikkliv, fortel Tomasgård.
Bølingen Allstars samlar unge musikarar med bakgrunn frå både folkemusikken og den klassiske musikken. Gjennom nye arrangement får dei gamle melodiane friskt liv, med eit rikt klangbilete av feler, bratsj, cello og kontrabass. På det nye albumet høyrer vi 10 av ungdommane i Bølingen Allstars i samspel med leiar Marianne. I tillegg bidreg trekkspelar Kristina Farstad Bjørdal med taktfast akkompagnement til runddansslåttane.
Plateslepp på Folkelarm
Albumet «Bølingen: Feleslåtter fra Akershus» blir lansert under bransjetreffet og festivalen Folkelarm på Riksscena i Oslo 22. november. Konserten er ein del av FolkelarmUng, ein stor og gratis barne- og familiedag under Folkelarm, i samarbeid med LilleRiksen og Samspill.
Det er det Vågåbaserte plateselskapet Melovitten som gir ut debutalbumet til Bølingen Allstars.
Metadata
Artist: Bølingen Allstars, Marianne Tomasgård, feat. Kristina Farstad Bjørdal
Albumtittel: Bølingen: Feleslåtter fra Akershus
Label: Melovitten
Type: Album
Katalognr.: MV648
Kunstnerisk leder: Marianne Tomasgård
Produsent: Bjørn Kåre Odde / Marianne Tomasgård
Innspelt: Oslo By Steinerskole, 8.-10. mai 2026
Teknikar, miks og mastering: Trond Kjelsås/LydFest studio
Foto: Knut Utler
Grafisk design: KulFilm, Mette Vårdal
Lansering album: 20. november 2026 (digitalt), 22. november 2026 (fysisk plateslepp)
Lansering singel: “Masurka i moll etter Hans Borgersen” 13. november 2026
Musikere på albumet:
Marianne Tomasgård, fele
Kristina Farstad Bjørdal, trekkspel
Alva Haukvik, fele
Amund Brenna Kverndokk, fele
Bjørn Jacobsen Brænd, fele
Celine Mari Jensen, fele
Elias Habbestad Kjelsås, fele og kontrabass
Jonathan Vide Jansson, fele
Hanna Habbestad Kjelsås, cello
Marte Haltli, fele
Vilde Vårdal, fele
Sigrid Jacobsen Brænd, fele og bratsj
Foto: Knut Utler
Bølingen Allstars er et ensemble bestående av unge, talentfulle musikere med røtter i både folkemusikken og den klassiske musikken. Under ledelse av felespiller Marianne Tomasgård har de gravd fram en nesten glemt toneskatt fra Akershus. Med utgangspunkt i gamle notekilder og ukjente danseslåtter fra 1850 og framover gir ensemblet nytt liv til musikk som i stor grad aldri tidligere er spilt inn. Gjennom nye arrangementer, lekent samspill og ungdommelig energi møter gamle tradisjoner et nytt musikalsk uttrykk. Resultatet er en plate som både tar vare på historien og inviterer til nye musikalske opplevelser – og til dans!