Arv

Maleri: Tone Vabø

Arv - nytt album frå hardingfelespelar Øivind Vabø

No vil Øivind vidareføre arven etter faren Finn Vabø.

Øivind Vabø. f. 1968, gir no ut sitt fyrste soloalbum med hardingfeleslåttar, nærare 30 år etter forrige plate vart lansert. Saman med faren, Finn Vabø, gav han ut duoplata «Hei so dansa jenta mi» (Grappa Musikkforlag) i 1996. No byr Øivind på ei variert plate med utgangspunkt i den tradisjonen han er opplært i frå barndomen av, men på sin heilt eigne måte.

- Det er mange som har imponert og inspirert meg opp gjennom, men min far har utan tvil vore den aller viktigaste. Han var ein stor dansespelemann og eg var med så lenge han var aktiv som spelmann i laga i Bergen, seier Øivind. Etter kvart vart eg meir og meir fanga av det lyriske, og det er nok dette som ligg mitt hjarte nærast i dag, held han fram.

Med seg på albumet har han invitert eit stjernelag av artistar, både med røter i og utanfor den tradisjonelle folkemusikksjangeren. På albumet kan ein høyre Sigbjørn Apeland på trøorgel/orgel, Mads Eriksen på elgitar/gitar, Unni Løvlid med song og Claus Sellevold med diktopplesing. I tillegg er det fleire soloslåttar med Øivind.

– Eg føler meg beæra som får spele saman med desse fantastiske musikarane, seier Øivind.

Øivind set pris på å vere ein del av folkemusikkmiljøet, det er ein viktig del av livet hans. - Det å gå ut av det vanlige livet og inn i musikken er ein berikelse. For meg har dette vore to adskilte verdener. Det er godt å kunne ta steget inn i folkemusikkmiljøet, men ofte godt å kunne gå ut igjen også. Eg føler meg heldig som kan ha det slik, avslutter Øivind.

Produsent og prosjektleiar Solveig Krokeide vil rose Øivind for eit personleg og mangfaldig album.

- Øivind har verkeleg jobba fram ei personleg plate der han viser fram sine mange sider. Både slåttespelet, dansespelet og lyrikaren kjem godt fram, på Øivinds heilt eigne måte. Eg trur lyttarane kan få ei ny oppleving av Øivind sine ulike sider og få eit innblikk i det personlege uttrykket.

- Utan Solveig Krokeide hadde det ikkje blitt nokon CD, kan Øivind fortelje. Ho har vore primus motor, produsent og prosjektleiar for å få dette albumet i hamn. Eg er særs takksam for den jobben ho har lagt ned, held Øivind fram.

Plata lanserast på plateselskapet Melovitten 13. juni, med platesleppkonsert av fysisk CD i Gimle i Bergen. Det blir også konsert under Landskappleiken i Eidfjord 27. juni og Førdefestivalen 5. juli.


Metadata

Artist: Øivind Vabø (1968), hardingfele
Medverkande artistar: Sigbjørn Apeland (trøorgel), Mads Eriksen (elgitar), Unni Løvlid (vokal), Claus Sellevold (tekst)
Albumtittel: Arv
Produsent: Solveig Korkeide
Musikalsk rådgiver/materialforvalter: Vidar Fjereide
Innspeling og miksing: Eirik «Pytten» Hundvin
Mastering: Iver Sandøy
Innspelt: Solkroken studio og Sandvikskirken, Claus Sellevold i Grieghallen Studio, våren 2025
Foto: Thomas Westling/Knut Utler
Maleri framside og bakside: Tone Vabø
Grafisk formgjeving: Melovitten
Plateselskap: Melovitten
Katalognummer: MV633
Lansering fysisk CD: Laurdag 14. juni
Lansering digitalt: Fredag 13. juni

Neste
Neste

Munnspill