Øivind Vabø

Hardingfelespelar Øivind Vabø er i 2025 aktuell med ny soloplate for hardingfele!

Foto: Thomas Westling

Øivind Vabø er aktuell med følgande produksjon i Melovitten:

Øivind Vabø: Arv
200,00 kr

Ny CD med hardingfelespelar Øivind Vabø

Øivind Vabø. f. 1968, gir no ut sitt fyrste soloalbum med hardingfeleslåttar, nærare 30 år etter forrige plate vart lansert. Saman med faren, Finn Vabø, gav han ut duoplata «Hei so dansa jenta mi» (Grappa Musikkforlag) i 1996. No byr Øivind på ei variert plate med utgangspunkt i den tradisjonen han er opplært i frå barndomen av, men på sin heilt eigne måte.

Med seg på albumet har han invitert eit stjernelag av artistar, både med røter i og utanfor den tradisjonelle folkemusikksjangeren. På albumet kan ein høyre Sigbjørn Apeland på trøorgel/orgel, Mads Eriksen på elgitar/gitar, Unni Løvlid med song og Claus Sellevold med diktopplesing. I tillegg er det fleire soloslåttar med Øivind.

Forrige
Forrige

Vokalensemblet Multa Paucis

Neste
Neste

Øyvind Smidt