Hollos Efterfølgere

Hollos Efterfølgere er eit storgardsensemble som spelar gamle komposisjonar frå Hedmarken. Gruppa har fått namnet sitt etter spelemannen, orkesterleiaren og komponisten Lars Hollo (1826-1902) frå Hamar. Hollos Efterfølgere spelar mykje god dansemusikk, og har god tradisjon for å spele på t.d. nyttårsball på Simenstad gard.

Gruppa består av:

  • Thomas Nilssen (klarinett)

  • Ronny Kjøsen (piano og arrangement)

  • Bjørn Kåre Odde (bratsj og arrangement)

  • Thomas Lomundal (fele)

  • Olaf Aasen (fele)

  • Marit Westling (fele og trompet)

  • Marius Westling (fele og bratsj)

  • Ida Malene Kvem, tidlegare Christensen (cello)

  • Harald Juliussen (kontrabass)

Hollos Efterfølgere har gjeve ut følgande produksjonar

Forrige
Forrige

Hans Martin Storrøsten

Neste
Neste

Isa Holmgren