Primitiv gitar

Etter 12 år i Trondheim peiker pila heimover mot Folldal for musikar Hans Martin Storrøsten. Sommaren 2023 kjem hans fyrste soloalbum på gitar, "Primitiv gitar" med lansering 18. august. Allereie i mai kom singelen "Cladonia Rag".

Musikken på albumet består både av nyskrive materiale av Hans Martin sjølv, i tillegg til tradisjonelle slåttar frå Folldal. Blandinga av slåttar, blues, åpne strekk og meir abstrakte låtstrukturar gjer musikken utforskande og tradisjonell på same tid. Hans Martin viser at tradisjonar ikkje berre er til for å gjengis, dei kan også brukast som inspirasjonskjelde til uttrykk, klanger og følelser, og slik skape ny musikk.

Lydbildet fargeleggast av gitarens åpne stemming, inspirert av John Fahey og American primitive guitar, som også har gitt inspirasjon til albumets tittel. Den akustiske gitarens naturlege klang i eit rom har vore eit viktig element for lydbildet, og gjennom innspeling i Øra Studio i Trondheim har albumet fått ei heilhet som støtter opp under musikken.


Metadata

Artist: Hans Martin Storrøsten
Albumtittel: Primitiv gitar
Label
: Melovitten
Type
: Album, vinyl
Katalognr.: MV611
Produsent: Hans Martin Storrøsten
Innspeling: Øra studio, Kyrre Laastad
Miksing:  Kyrre Laastad
​Mastering: Øra mastering, Karl Klaseie
Innspelt: Trondheim, november 2022
​Grafisk formgjeving: Katja Vasileva
Lansering
: 18. august 2023
Medverkande
: Hans Martin Storrøsten (gitar)
Singel:​
Cladonia Rag (12. mai 2023)

Foto: Ida Muren

Foto: Ida Muren

Hans Martin Storrøsten: Primitiv gitar
kr 350,00
Antall:
Legg til i handlevogn
Forrige
Forrige

Iris

Neste
Neste

van danse