Efterklang fra fjeldreisen
Ny musikk frå duoen Himmelleite
Ingrid Lingaas Fossum og Vemund Olav Aukrust har laga ny duo der langeleik, lyre, orgel og trøorgel skapar ramma for eit spennande uttrykk i folkemusikken.
Folkemusikarane Ingrid Lingaas Fossum frå Valdres og Vemund Olav Aukrust frå Lom starta duoen Himmelleite i 2022. Duoen utforskar to musikalske ytterpunkt: Langeleik og orgel, med innslag av song og kraviklyre. Dei har gjort ei rekkje konsertar i lag dei siste åra, og kjem no med si debutplate.
Himmelleite byr på eit unikt lydbilde, med klangen frå den lågmælte langeleiken - som har levd minst 500 år i Noreg - i kombinasjon med trøorgel og kyrkjeorgel. Duoen spelar folkemusikk frå sine heimtrakter, Gudbrandsdalen og Valdres, som dei har funne i notesamlingar og på folkemusikkarkivet. På det nye albumet får vi høyre dette materialet i ei ny musikalsk drakt - der langeleiken og orgelet skifter mellom å ha ei leiande rolle. Du får høyre halling, lyarlåttar, salmer og viser, springleik og valdresspringar i duoens eigne arrangement - tidvis kombinert med klassiske tolkingar av det same slåttematerialet.
Om namnet på duoen kan Ingrid fortelje at Himmelleite er eit anna ord for horisont, og blir ofte brukt om synsranda innover i fjellet. - Tittelen Efterklang fra fjeldreisen har vi henta frå ei notenedteiking av komponisten Halfdan Kjerulf”, legg Ingrid til. Kjerulf var ein av mange som reiste til fjells på inspirasjonsreise, og som tok med seg folkemusikken inn i komposisjonane sine.
- Tematisk er mykje av materialet inspirert av fjellområdet Jotunheimen mellom dalføra der vi båe er vakse opp, fortel Vemund. - Ideen bak prosjektet var særleg å spore opp ord og tonar som hadde sprunge ut av seterkulturen der, legg han til.
Ingrid og Vemund er blant folkemusikk-Noregs mest fremtredande utøvarar på kvar sine felt. Ingrid er den fyrste til å ta mastergrad i utøving med langeleiken som hovudinstrument frå Norges Musikkhøgskole. Vemund er tilsett som organist i Ål i Hallingdal, og har ei særskilt interesse for å dra parallellar mellom den kontinentale barokkmusikken og den norske folkemusikken. Saman utgjer dei eit spennande lydbilde i duoen Himmelleite.
Albumet lanserast som fysisk CD og kjem ut digitalt på strøymetenester frå fredag 29. august, med platesleppkonsert kvelden før på Riksscenen i Oslo. Produsent for albumet er Vegar Vårdal, og det er plateselskapet Melovitten frå Vågå som gir det ut.
Fredag 23. mai lanserte dei sin fyrste singel som består av to ulike melodiar. «E ha hundrad stykkje fe upp hjå Maristova, e» lærde Ingrid av Håkon Høgemo då han var på besøk på Ole Bull Akademiet for nokre år sidan. “Hallingen hass Engebret” har Ingrid i to litt ulike formar - begge etter Jan Beitohaugen Granli.
Fredag 8. august kom singel nummer to frå plata, denne gongen ein springar ved namn “Grimeliden”.
Foto: Cillian Frister
Metadata
Artist: Himmelleite - Ingrid Lingaas Fossum (langeleik, lyre) & Vemund Olav Aukrust (orgel, trøorgel)
Albumtittel: Efterklang fra fjeldreisen
Produsent: Vegar Vårdal
Innspilling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken.
Innspilt: Hallingdal, februar 2025
Foto: Sanne Augusta Løkke/Cillian Frister
Grafisk formgiving: Eva Karlsson
Plateselskap: Melovitten
Katalognummer: MV629
Lansering album: Fredag 29. august 2025
Lansering singlar:
Hundrad stykkje fe/Hallingen hass Engebret - Fredag 23. mai 2025
Grimeliden - Fredag 8. august 2025