Dans med meg

Fredag 26. april 2024 lanserast plata “Dans med meg” med svenske Isa Holmgren. Plata inneheld 16 spor med tradisjonsmusikk frå grenseområda på Finnskogen. Dette er dansemusikk på sitt beste, solo vokal folkemusikk både med og utan lyden av dans.

“Dans med meg” løfter fram trall til dans og samspelet mellom musikken og dansen, på ein måte som ikkje så mange har gjort tidlegare. I studio har Isa hatt med seg fire dansarar som du høyrer lyden av på plata. Dette er musikk du garantert kan danse til.

- Målet med innspelinga var å utforske og leike med det musikalske og høyrbare samspelet mellom songen og dansens rørsler og lyd, fortel Isa. Det var spennande å kjenne korleis songen endra seg ut i frå impulsar frå dansarane i rommet og motsett korleis dansarane tek i mot mine impulsar, legg Isa til.

Høyrer du godt etter kan du høyre dansen i stemma og pusten til Isa, og kanskje skjer det noko med energien som skil seg frå dei spora der ho syng heilt åleine utan dansarar i rommet.

Sjølv om folkedansen og -musikken i mange tradisjonsområde er tett samankobla, finst det få plateinnspelingar av spel til dans, og dette ville Isa gjere noko med.

- Dette er ein av få musikkproduksjonar eg kjenner til som har brukt dansen som ein aktiv samspelspartner på denne måten, seier produsent Vegar Vårdal. På denne plata høyrer vi dei få dansepara støtte opp om songen på ein måte som medmusikanter gjer til kvarandre i eit band. Dansarane gir noko til Isa si framføring der og då i studio, og vi får kjenne på det heilt nære mellom dans og musikk, legg han til.

- 26.-28. april markerast Dansens dagar over heile landet, og det er ekstra stas å kunne lansere denne plata med eit så sterkt dansefokus i samband med denne markeringa, fortel Isa.

Som soloartist har Isa fordjupa seg i dansemusikken frå västra Värmland og Finnskogen, med spesielt fokus på den asymmetriske polstradisjonen og samspelet mellom dansarar og musikar. Isa ga ut si fyrste soloplate, "Efter Eda”, i 2019.

Plata “Dans med meg” kjem ut på plateselskapet Melovitten, og blir tilgjengeleg både digitalt og fysisk frå fredag 26. april.

Coverart: Solfrid Nestegard Gjeldokk


Metadata

Albumtittel: Dans med meg
Artist: Isa Holmgren (1995), vokal
Label: Melovitten
Type
: Album, digitalt + fysisk CD
Katalognummer: MV618
Innspelt: Bygdøy, 2.-4. oktober 2023
Produsent: Vegar Vårdal
Medprodusent: Synnøve Brøndbo Plassen
Innspeling, miksing, mastering: Fridtjof Lindeman
Medverkande dansarar: Tone Ingvaldsen, Audun Grüner-Hegge, Torbjørn Bergwitz Lauen, Solveig Brekke Hauknes
Foto: Mikko Malmivaara
Grafisk formgjeving: Solfrid Nestegard Gjeldokk
Lanseringsdato: 26. april 2024

Film: Fredy Samuel Lundh

Folkemusikk sin podkast “Får du fot” gjorde intervju og gir deg ein smakebit frå sjølve innspelinga.


Isa Holmgren: Dans med meg
kr 200,00
Antall:
Legg til i handlevogn
Neste
Neste

Skurken på dansegolvet