Sandum/Tallroth

Sandum/Tallroth er ein norsk-svensk folkemusikkduo beståande av trekkspelar Øyvind Sandum (f. 1982) og gitarist Roger Tallroth (f. 1958). Dei har samarbeidd om å lage duoen Sandum/Tallroth der dei har gjeve ut musikk som er mykje av Øyvind sine nye komposisjonar.

Øyvind og Roger er hovudartist eller medverker i følgande produksjonar


Øyvind Sandum & Roger Tallroth: Sandum/Tallroth
200,00 kr

Øyvind Sandum frå Lalm i Vågå brukte tida godt under pandemien og laga ny musikk til eit heilt album.

Sjølv om musikken på det nye albumet er sterkt prega av norsk og nordisk folkemusikk, meiner Sandum sjølv at dette er musikk som kanskje er litt utanfor mykje av det folk er vant til å høyre frå han. På plata har han fått med seg den svenske gitaristen Roger Tallroth, eit ikkje ukjent namn for folk som er interessert i folkemusikk og verdsmusikk. Han har mellom anna turnert verda rundt med den kjente gruppa Väsen. Samarbeidet har resultert i duoen Sandum/Tallroth, som også er tittelen på albumet. 

Forrige
Forrige

Ronny Kjøsen

Neste
Neste

Schola Cantorum