Melovitten
  • Heim
  • Utgjevingar
  • Artistar
  • Butikk
  • Om oss
  • Kontakt

OM MELOVITTEN

Kva er Melovitten?

Melovitten er eit aksjeselskap som gir ut musikkproduksjonar hovudsakleg innan folkemusikksjangeren. 
Selskapet leverer også tenester​ som utøvande kulturelle og pedagogiske oppdrag innan dans, musikk, komposisjon og arrangering, samt tenester innan prosjektleiing og administrasjon.
Selskapet vart stifta i 2021 og held til i vakre Vågå i Ottadalen.

Ordet "melovitt" er eit lokalt namn om dansen menuett. Ein finn også fleire springleikar i Ottadalen som kallast melovitt.

Plateselskapet

Melovitten har gjeve ut musikk digitalt og fysisk sidan oppstarten i 2021.
Produksjonane er i hovudsak knytt til sjangeren folkemusikk, der nokre album spenner seg vidare til andre nærliggande sjangre.
Fysisk og digital distribusjonsavtale har vi gjennom Musikkoperatørene, samt Dicentia som fabrikant av CD og Vinyl.
Vi vidareformidlar gjerne våre gode kontaktar på t.d. fotograf, grafikar, teknikar mm. Vi kan også ta på oss å lage enkel grafisk formgjeving internt i selskapet.
Omfang av promopakke avtaler vi i samråd med deg som artist.
Vi kan også bistå med rettleiing i søknads- og budsjetteringsprosessen, produsentoppgåver, marknadsføringsbistand mm.

KVEn er vi?

Picture

Bjørn Kåre Odde

KUNSTNARLEG LEIAR
Bjørn Kåre er musikar, komponist og pedagog. Han har bachelor frå Norges Musikkhøgskule (NMH) i utøvande folkemusikk og held no på med master i same retning. I 2019 fekk Bjørn Kåre prisen som "Årets folkemusikar" gjennom FolkOrg. Han har skrive fleire tingingsverk og er mellom anna lærar på NMH i fag som arrangering og komponering. Bjørn Kåre har god erfaring med arbeid i studio og det å gje ut plater.

Kontakt Bjørn Kåre
Picture

Solveig Brekke Hauknes

PRODUSENT
Solveig er prosjektleiar, folkedansar og kulturarbeidar. Ho har bachelor frå Høgskulen Kristiania innan prosjektleiing kultur og kreativ næring. Som tillegg til Melovitten arbeider ho som kulturrådgjevar for folkemusikk og folkedans i Noregs Ungdomslag.  Elles er ho delaktig i å arrangere festival, konsertar, kappleikar eller andre små og store arrangement. Solveig held også dansekurs for alle nivå og aldre.
Kontakt Solveig

Foto: Kulturfotografen AS
Picture
© 2023 Melovitten AS
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • Heim
  • Utgjevingar
  • Artistar
  • Butikk
  • Om oss
  • Kontakt